Jacob Aven (18) herjar i norgestoppen, men trekkjer fram kompisane

STORSCORAR: Han scorar nest mest i den beste ligaen for 18-åringar i landet. Sjølv peikar han på lagkameratane. – På nivået vi speler kjem du ingen veg om du skal gjere alt sjølv, seier Aven som alltid har spelt best mot dei beste laga.  Foto: Dag Nesbø Frøyen

STORSCORAR: Han scorar nest mest i den beste ligaen for 18-åringar i landet. Sjølv peikar han på lagkameratane. – På nivået vi speler kjem du ingen veg om du skal gjere alt sjølv, seier Aven som alltid har spelt best mot dei beste laga. Foto: Dag Nesbø Frøyen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Han scorar nest mest av dei 250 spelarane som utgjer eliteserien for G18 gutar i landet.

DEL

Seks kampar har Florø spelt i den nasjonale Lerøy-turneringa i handball. Dei har som venta møtt knalltøff motstand, men har likevel vore fullt på høgde i alle kampane. Dette er gutane som for to år sidan var i den nasjonale Bring-serien som er tilsvarande for 16-årsgutar.

No som då samarbeider dei med Eid og Gloppen samt Viking i Bergen. Men stammen er Florø-spelarar. Same gjengen som Elisabeth Aase Aven har hatt sidan dei var om lag 10.

Jakob Aven er spydspissen i dette laget der han har scora 49 mål på seks kampar. Berre ein namnebror frå Bodø har meir. Han har 54.

– Eg fekk direkte raudt kort i ein kamp. Det var nok på grunn av det at han gjekk forbi, seier Jakob og smiler. Det raude kortet kom i ein ankomstfase der ein lettare spelar sprang rett i Aven. Den største i kollisjonen fekk direkte garderobeordre. Eit uhell, men dommaren var klar. Han vart kåra til bestemann i to av kampane sist helg, men i den siste var backmakker Jonas Grotle Frøyen på topp.

Men når det kjem til tal scora mål, som ofte vi i pressen er opptekne av, er det toppscoraren sjølv som arresterer den tabloide journalisten. – Det er laget gjer til at eg scorar, seier han.

Lagkameratane

Ikkje for å stå i janteretten og redusere verdien av at han står som målscorar, men for å streke under at på dette nivået handlar det ikkje om enkeltmannsprestasjonar. Du kjem ingen veg om du ikkje blir spelt opp, forklarar han.

– Det er gutane rundt meg som trekk på seg spelarar og lagar overtal eller sperrer som gir rom til meg, seier han. Gjengen han snakkar om har spelt i lag sidan dei var ti. Dei er om lag på same nivå. Kjenner kvarandre ut og inn på bana.

– Eg hadde ikkje scora desse måla hadde det ikkje vore for at Jonas (Grotle Frøyen) og Agash (Puthi) speler meg opp og at Viljar (Svare Ødelien) set sperrene på linja, strekar han under.

"Eg hadde ikkje scora alle desse måla om ikkje gutane rundt meg hadde spelt meg opp.

Jakob Aven

Back på Florø SK Handball

Det er dette kollektivet som Elisabeth Aase Aven har jobba fram og som har gjort til at Florø er blitt eit lag å rekne med blant dei tøffaste juniorane i landet. For som vi ser på TV-no i VM er det ofte storscorarane det blir snakka om og trekt fram. Forsvarskjempene ser ein ikkje like godt, ei heller dei som speler opp. Desse grovarbeidarane i laget meiner Aven får for lite søkelys. I alle fall frå dei som ikkje følger med på handball. Regionsluttspelet mot Eid scora Jakob Aven 16 mål. Viljar Ødelien på linja gjekk mållaus av bana, men det var nettopp Ødelien som vart kåra til banens beste. For gutane i laget verkar det nemleg å vere underordna kven som scorar.

No i turneringshelga møtte dei ei målvakt på over to meter.

– Han skal eg flippe på (lobb rett over hovudet) sa Agash då vi varma opp før kampen. Eg har vel aldri jubla så mykje for ei scoring som då eg såg han gjorde det i kampen, seier Jakob og ler høgt.

Denne kameratskapen i laget er grunnen for at dei har lukkast så godt. No trenar dei kvar dag, men då det er leik og moro tenker dei ikkje over kor mykje dei trener.

Har ambisjonar

– Det er klart eg vil jo sjå kor god eg kan bli. Men det må vere moro, om ikkje så trur eg vi hadde hatt stort fråfall av spelarar, seier han. Dei som kjenner Jakob kjenner han som ein humoristisk fyr som ikkje står fram som seriøs, men at han likevel er det. No er dei ein stor base med spelarar. Jakob, Jonas og Viljar har alle regionale landskampar, noko Agash Puthi også hadde hatt om han ikkje hadde prioritert bort handballen til fordel for fotball i fjor. Men no er han tilbake. Men spelarane bak desse kan tidvis briljere på herrelaget. Det ville dei nok ikkje gjort om ikkje laget og treningsgruppa var samansveisa og miljøet var godt. Det er Elisabeth Aase Aven si forteneste. At ho er mora, tenker ikkje Jakob lenger på.

– Eg har verkeleg respekt for mamma som trenar. Det er spesielt moro når vi er ute i Lerøy-serien der vi har vesle Elisabeth på benken medan motstandarane har fire vaksne menn som skrik til spelarane sine, seier Jakob og flirer.

På nyåret skal det spelast 10 kampar og Aven har eit håp om at Florø skal klatre på tabellen og gjerne at han står som toppscorar til slutt. Då vil nok interessa kring 18-åringen vere stor blant klubbar som gjerne vil ha han. Dette er noko han ikkje tenker på.

– No handlar alt om Florø. Til hausten har eg planar om å gjere teneste i marinen. Då vil eg kanskje finne ein bergensklubb og satse vidare, avsluttar han.

Artikkeltags