Imponerte under Framo- leikane

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Stavhopparar frå Svelgen er klare for junior-NM.

DEL

Under Framo-leikane denne helga sette samtlege av stavhopparane frå Svelgen nye personlege rekordar.

Fire av dei er no kvalifisert til UM, og tre er klare for junior-NM.

I tillegg vart det også ny pers på korthekken.

Daniel imponerte

Daniel Hessvik Holm (g16) imponerte stort i stavhopp når han heva persen sin med heile 23 cm, og det berre på eit par veker.

Resultatet hans på 3,86 kom på andre forsøk, og er klart årsbeste på landsstatistikken, og det er også klubbrekord.

- Ingvald Ytrehus var strålande nøgd, det var vi andre også!

Det melder Svelgen Turn- og idrettsforening via si heimeside: Les meir her

Gode resultat

Pål Valberg (G16) sitt resultat enda på 3,71, som er heving av pers med 28 cm. I tillegg til ny pers i stav forbetra han og persen på 100m hk med halvsekundet til 15,69.

Magnus Olav Myrhol (G15) kom over 2,80 og Ole Martin Gjerde (G15) greidde 2,61, og dermed er begge to klare for UM.

Wojtek Kelbratowski (G18) har nettopp starta med stavhopping, og fekk resultatet 2,71.

Tor-Inge Øvrebotten Myrhol (MU) sitt tellande resultat vart 3,81. I eit ekstra forsøk kom han seg over 3,86.

Artikkeltags