Idretten i Flora står samla: Skal skaffe til vegs 32 storhall-millionar innan november.

SAMLA: Idrettsrådet i Flora kommune var søndag samla i Idrettssenteret.

SAMLA: Idrettsrådet i Flora kommune var søndag samla i Idrettssenteret. Foto:

FLORØ: Snart kan du kjøpe Stolt og kry-aksjen».

DEL

Det var eit samla idrettsråd i Flora kommune som søndag kveld sa eit samrøystes ja til å ta ansvaret for å samle inn 32 millionar til den kommande storhallen nede ved Likkjevatnet. Men det er ikkje utan eit visst tidspress. Fristen for å samle inn desse pengane er nemleg 15. november.

Frå før har både kommune, fylke med meir stilt opp med kapital til å få på plass ein storhall. I tillegg kjem spelemidlar. Men dei resterande 32 millionane må komme frå oss private, frå idretten og frå næringslivet.

– Vi må stå samla

Samtlege som var til stades under møtet i idrettsrådet streka under kor viktig det er for idretten i Flora at storhallen kjem på plass. Kapasiteten er for lengst sprengt. I dag driv 3950 av kommunen sine 11.000 innbyggarar med ein eller annan idrett, og det blir stadig fleire.

Fotballen skrik etter plass, det gjer handballen også. Taekwondomiljøet treng plass, volleyballen det same. Og sjølv Friskis og Svettis får ikkje utdanna nye instruktørar, slik situasjonen er i dag.

– Det at vi får på plass ein storhall ved Likkjevatnet er det største som ville skjedd innan idretten i Flora sidan idrettsenteret vart bygd. Det som imponerer meg mest med dette prosjektet er moglegheitene dette gjer til all idrett. Idretten har vakse mykje som følger av idrettssenteret. Og det er ingen tvil om at idretten vil vekse som følge av ein ny storhall. Hadde vi stoppa med idrettssenteret hadde idretten opplevt stagnasjon, sa Stein Strømsnes under møtet og streka under:

– Men vi får det ikkje til utan at idrettslaga i Flora står i lag. Dette er ein moglegheit som gagnar oss alle, og som vil løfte idretten betrakteleg.

«Stolt og kry-aksjar»

Grunnen til at det må samlast inn 32 millionar innan 15. november, handlar om allereie gitte løyvingar. Men fristen for å nytte seg av desse løyvingane går ut dersom ikkje dei 32 millionane er på plass innan november. Spørsmålet er korleis ein skal få det til. Her ser ein til korleis ein klarte å realisere storhallen i Eikefjord på rekordtid, og med lokale investorar.

Svaret har Geir Arne Solheim i Frequency. Frequency har fått anbod på planlegginga av forprosjektet.

– Vi skal lage til det vi kallar «Stolt og kry-aksjar». Kvar og einskild av oss kan då teikne slike aksjar, og vere med og gje ein liten skjerv til bygging av ny storhall i Florø. For dette er noko vi alle har eigarskap til. Det blir eit spleiselag mellom idrettslag, innbyggarar, bedrifter og organisasjonar. Samstundes må vi få dei større samfunnsaktørane med på bana, seier Solheim.

Samstundes skal alle idrettslaga organisere innsamling.

Artikkeltags