Gå til sidens hovedinnhold

Har starta medaljesankinga i UM

Artikkelen er over 13 år gammel

FT&IF utøvarane Øyvind Kjerpeset (17) opna med sølv på korthekken fredag og Synne Våge Jagedal (15) tok bronsen i lengdegropa under innandørs UM i Drammen i dag. – Vi er føre skjema så langt, seier trenar Rune Osa.

Under UM i Drammenshallen opna Øyvind Kjerpeset medaljehamstringa for Florø T&IF med sølvmedalje på 60 meter hekk. Han kom inn på 8.53 som er ny personleg rekord. Han vart berre slått av Vladimir Vukicevic som er bror av den meir kjende korthekk løparen Christina Vukicevic.

– Eg hadde håp om at han skulle ta medalje. Han var ein av dei som har vist han har kapasitet til å kjempe blant dei beste. Han tok også ein klar andreplass, seier trenar Rune Osa.

Synne Våge Jagedal (15) sette ny personleg bestenotering i lengde. Ho hadde 5.21 og vart med den lengda nummer tre. Eit flott resultat og i følge tidlegare landslagstrenar i hopp, Gisle Ellingsen, har ho eit stort potensial.

Omskulert

Jørgen Bjørkedal (18) frå Svelgen har droppa høgde til fordel for tresteg og lengde denne sesongen. Han presterte også solid i sitt første stemne i tresteg og sette ny pers med 12.36. Det skulle halde til 4. plass.

– Jørgen låg lenge på andreplass og før siste omgangen hadde han tredjeplassen. I siste omgang vart han pressa ut for pallen, seier Osa og meiner han har mykje å hente med skolering og meir hopptrening.

– Eg trur eg har meir å hente i tresteg enn i høgde fortalde Bjørkedal før UM og skulle vise seg fram allereie på UM sin første dag.

– Eg har håp om at Jørgen skal kunne hevde seg heilt i toppen. Han har alle føresetnader, seier Osa.

Svelgen «eig» i stav

Friidrettsutøvarane i frå Svelgen skuffa ikkje i paradegreina til smelteverksbygda. Kim Nes Leirvik (20) frå Svelgen vann stavkonkurransen på høgda 4.12 meter i 20-22 års klassen i UM. Han har slite med skade no i vinter, men no er han på gang. Trenaren Pavo Moilanen som er knytt til IL Fri i Bergen meiner at Nes Leirvik med klaff denne sesongen kan hoppe opp mot 4.80 i løpet av året.

Pål Valberg ifrå Svelgen Turn og Idrettsforening vann stavkonkurransen i klassen 15 år med lagkameraten Daniel Hessvik Holm på andreplass.