Tok eit langt steg mot opprykk, og i dag kan dei ta eitt til

TOPPSCORAR: Amanda Holmen Eriksen var toppscorar for Florø i kampen mot Sogndal, med seks spelemål, og fire sjumetarar. Ti mål totalt mot opprykksrivalane.

TOPPSCORAR: Amanda Holmen Eriksen var toppscorar for Florø i kampen mot Sogndal, med seks spelemål, og fire sjumetarar. Ti mål totalt mot opprykksrivalane. Foto:

HANDBALL: Florø sine handballjenter tok eit stort steg mot opprykk til 3. divisjon i Sogndal idrettshall laurdag.

DEL

FLORØ SK HANDBALLFlorø SK Handball har eit sterkt ønske om å rykke opp i 3. divisjon. Hittil har dei segla gjennom 4. divisjon utan å avgi poeng. Den einaste konkurrenten deira er Sogndal, som heller ikkje hadde tapt ein kamp før dei to laga barka saman laurdag.

Det blei ikkje so spennande som ein kanskje skulle tru. Florø leia 15-9 til pause, og sjølv om Sogndal var noko betre i andre omgang var dei ikkje i nærleiken av å truge jentene frå Florø. 23-32 i favør av bortelaget viste resultattavla ved full tid.

Søndag ettermiddag får Sogndal sjansen til å ta revansj. Då kjem dei på besøk i Idrettssenteret, og skal dei utfordre Florø i kampen om direkte opprykk er dei nesten nødt til å ta poeng. Florø har nemleg eit forsprang på to poeng, og vinn dei søndag er det fire. Det blir vanskeleg for sogningane å hente inn no som handballsesongen er på veg inn i innspurten.

Vi tek sjansen på å hevde at om Florø tek begge poenga søndag er opprykket sikra.

Florø møtte også Sogndal 2 laurdag, og den kampen vann dei 46-16.

Kampen startar klokka 14.10.

Artikkeltags