Florøjente på landslagssamling

LANDSLAGET NESTE: Amanda Holmen Eriksen i aksjon. No er ho kalla inn til regional landslagssamling. FOTO: Cecilia Molander

LANDSLAGET NESTE: Amanda Holmen Eriksen i aksjon. No er ho kalla inn til regional landslagssamling. FOTO: Cecilia Molander

Florø: Amanda Holmen Eriksen er kalla inn på regional landslagssamling i handball i november.

DEL

Arbeidet med dei unge i Florø SK Handball held fram med å bere frukter. No er damelagets målmaskin Amanda Holmen Eriksen kalla inn til regional landslagssamling for årgangane 2000 og 2001. Samlinga går føre seg den 1. november i Framohallen i Fyllingsdalen, og ho og Oda Vindheim frå Førde er dei to einaste representantane frå Sogn og Fjordane i denne runden.

– Amanda er ei jente med bra blikk for spelet. Ho har eit godt skot. Bra overblikk. Gode finter. Ho har rett og slett mykje av det vi ser etter, seier den regionale landslagstrenaren Chriss Robert Thorsen på spørsmål om kvifor han har tatt henne ut til denne samlinga.

Handballforbundet har også plukka ut Thea Heimtun til spissa gruppe for jenter frå Sogn og Fjordane og Hordaland født i 2004. Dei samlast den 4. november på Sotra.

Artikkeltags