Han er Norges beste mannlege friidrettsutøvar

Øyvind Strømmen Kjerpeset med Kongepokalen som syner at han er norges beste idrettsutøvar.

Øyvind Strømmen Kjerpeset med Kongepokalen som syner at han er norges beste idrettsutøvar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Øyvind Strømmen Kjerpeset vart tildelt kongepokalen under NM i friidrett i Tønsberg søndag.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det fekk han for sin meisterskapsrekord og gull på både 400m hekk og 200m, og i konkurranse med utøvarar som Andreas Thorkildsen og Erik Tysse.

- Dette er ekstremt stort for meg, og eg set utruleg stor pris på denne pokalen. Eg hadde eit lite håp, og då dei ropte opp namnet mitt var eg overlykkeleg, seier Kjerpeset til Firda.

- Dette er utruleg stort for oss som klubb, og ikkje minst er det ei stor fjør i hatten for Øyvind. Dette er den første kongepokalen til FT&IF nokon sinne. Det er heilt utruleg, seier Rune Osa i FT&IF til Firdaposten.

Laurdag sanka han den første gullmedaljen under Friidretts-NM, då han vann finalen i 400m hekk med tida 50,38, godt framføre nestemann over streken, som kom inn på tida 51,69. Det var også ny meisterskapsrekord.

Og søndag kryssa Kjerpeset målstreken først under 200-meteren. Det gjorde han på tida 21,10.

Artikkeltags