God dag på Ekebergsletta

Artikkelen er over 8 år gammel

Med eit unntak fekk jentelaga frå Florø og Bremanger og eit gutelag frå Svelgen gode resultat på dag 2 under Norway Cup.

DEL

Svelgen:

13-14 årsgutane frå Svelgen har to strake sigrar på merittlista og fossar vidare i turneringa. Dei vann først 5-0 over Skånland OIF og andre dag 3-0 over Lom.

FSK:

Florø SK sitt 11ar-lag jenter 15/16 gjekk på sitt andre tap i klasse R. Etter tapet 0-4 mot sunnmørske Brattvåg, gjekk dei på ein ny smell tysdag mot Oppegård med 3-0.

Men FSK sitt 7ar-lag i klassen jenter 15/16 år, har no notert seg for tre strake sigrar. 3-0 over Larsnes, 6-1 over Åmdal Tokke FK og 4-0 over Kfum Kam.

Bremanger:

15/16års -jentene frå Bremanger IL snudde tapet frå første dag mot Volsungur FC (1-3) til siger andre dagen, då dei vann med same siffer over Bergsøy.

Artikkeltags