Kraftprøva er ein kort motbakke øving mynta på sprintarar under Breimstafetten. Florø har vunne denne mange gongar. Den kvassaste i FT & IF, Jostein Joshua Fossøy ville vore med, men han er i Italia på treningsleir. Men Florø har likevel nok av kraft å ta av. Lasse Solheim Angelshaug går første året på Flora vidaregåande og starta med friidrettstrening i haust.

Ikkje overraska

– Han har vist stor framgang i vinter og vann sjølv om han snubla litt, så dette var kjekt seier trenar Thor Kjerpeset. Han var ikkje overraska av at Angelshaug gjekk til topps.
– Han har eit steg som passar godt. Du må ha kjapp frekvens skal du vinne Kraftprøva og det har Lasse. Det vil vi sjå på bane utover sesongen, svarar trenaren. Han fortel om ein treningsvillig og ambisiøs utøvar som vart nummer fem under debuten i UM med 7.32 på 60 meteren. Kristi var suveren i finalen der ho hadde takka farvel til konkurrentane allereie før bakken var i gang. Begge dei to fekk 3000 kroner for sigrane.

Kristi Strømmen Kjerpeset var suveren opp bakken på Reed.

Sølv i stafetten

Kristi Strømmen Kjerpeset hadde tydelegvis ikkje tatt ut alt i motbakken, for ho gjekk rett ifrå Kraftprøva til stafettlaget der ho hadde ei av etappene. Florø leia også stafetten ifrå start av, men utover i dei lengste etappane tok Førde over.
– Førde har ein del sterke skiløparar som utgjer laget, og dei vart for sterke, seier leiar for FT&IF Rune Osa.
Førde vann for tredje året på rad. Men Florø klarte å halde Gloppen unna på oppløpet. Det var Nina Osa, som berre fem månader etter at ho vart mor kunne springe inn til nok ein «triumf». For Gloppen lukkast ikkje å passere Osa på oppløpet. Nina vart henta inn til ankeratappen då fleire i Florø vart borte i konfirmasjon denne helga. Ho leverte for Florøjentene.

Vart heidra

Oddfrid og Rune Osa vart heidra på Breim. Dei fekk Breimstafettmedaljen for sitt lange virke innan friidretten og for tida dei var aktive.
– Det er alltid stas å bli sett pris på for det ein har gjort, det er jo det, svarar Osa.