Sølvgutane!

FRIIDRETT: Det blei sølv på Florø sitt stafettlag på 200 meter under NM i friidrett i Haugesund i dag.

DEL

Thor Kjerpset spådde edelt metall då Firdaposten snakka med han på fredag. Hallgeir Martinsen stadfesta at dei som faktisk skulle gjere jobben også hadde trua då vi hadde han på telefonen laurdag føremiddag. Så blei vi litt urolege då ankermann Øyvind Strømmen Kjerpeset ikkje fullførte finalen på 200 meter individuelt tidlegare på søndag, men det var ikkje nokon grunn til det. Stafettlaget leverte som bestilt. Med seg heim i koffertane har dei kvar sin sølvmedalje som dei kan pusse på framover.

Kjempemotiverande

– Dette betyr mykje for klubben. Det er kjempemotiverande, ikkje minst for dei som er på veg opp. Dei ser at dei kan nå opp, sjølv om dei kjem frå vesle Florø, seie Tone Strømmen Kjerpeset på telefonen etter at medaljen er i boks. Sølvmedaljen er ho veldig godt nøgd med.

– Vi hadde jo trua på førehand, dei sprang for medalje, men frå å håpe det til å gjere det er det eit lite stykke. Det er dessutan eit ungt lag, både Ben og Lasse er forholdsvis unge, så sølv er ein god prestasjon. Det er viktig å få med at det er fem utøvarar på stafettlaget. Ein må vere fem, for det er ofte litt smårusk og sjukdom slik at ein treng å vere fleire enn fire. Femtemann er Magnus Angelshaug, som har problem med hamstringen og ikkje var med nedover denne gongen, men han er ein del av laget.

Første lag-medaljen for Florø

Ben Jeffrey Benet løp første etappen, Lasse Solheim Angelshaug tok den andre etappen, så var det Hallgeir Martinsen som tok tredje etappe, før altså Øyvind Strømmen Kjerpeset var lagets ankermann på fjerde og siste etappe. Florø låg på tredje plass i det Kjerpeset tok over stafettpinnen, etter ein god etappe av Martinsen hadde sendt Florø opp i ryggen på andreplassen. Kjerpeset drog laget opp på andre plass, 1.23 sekund bak vinnarlaget IL Skjalg. Eitt snautt sekund føre Moelven IL på bronseplassen.

– Då vi så at Øyvind ikkje fullførte finalen på 200 meter individuelt blei vi litt urolege, kva var det som skjedde der?

– Det var planlagt på førehand. Han fekk bane 1 i finalen, og frå den posisjonen på den bana er det nesten umogleg å hevde seg. Svingane er så krappe at det blir ein kjempebelastning på beina, så avtalen var at han skulle gje det eit fair shot, køyre den første svingen, men gi seg om han såg at det ikkje gjekk. Hadde han fullført hadde det nok gått ut over stafetten, og det var den som var førstepri denne gongen.

Dette er første gong Florø Turn og Idrettsforening vinn ein medalje for lag i eit innandørs-NM i friidrett.

Artikkeltags