Einegga tvillingar melde seg på volleyballen samstundes. Ein av dei er medlem nummer 200. Men kven?

Linea og Elise Bortne Haveland sammen med minivolleylaget sitt.
Bak: Tove Høyset, Malin Agovic og Rakel Øren.

Linea og Elise Bortne Haveland sammen med minivolleylaget sitt. Bak: Tove Høyset, Malin Agovic og Rakel Øren. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Florø T&IF Volleyball held fram med å vekse. Nyleg bikka dei 200 medlemmer.

DEL

Etter å ha ligge nede fleire år, reiste volleyballgruppa i FTIF seg september 2015. Sidan den gong har klubben vakse enormt. To år seinare feirar dei medlem nummer 200.

Men det har seg slik at medlem nummer 200 og 201 er einegga tvillingar, og Elise og Linea Bortne Haveland melde seg inn samstundes. Så kven av dei er medlem nummer 200? Det veit berre ein person.

– Det har jentene spurt meg om mange gonger. Men det får bli ei hemmelegheit, humrar leiar Dan Solberg i FTIF Volleyball.

I staden vart begge jentene feira som medlemmer nummer 200. I samband med første runde i miniligaen (barn under 12 år) i Sogn og Fjordane, som blei arrangert i Florø 18. november, blei Elise og Linea overraska med ei flott gåve kvar frå eine sponsoren til Volleyballen: Ein beachvolley-skipssekk med ein ball brukt og signert av landslaga til kvar av jentene. I tillegg fekk dei sjå CEV Challenge-kampen mellom Førde VBK og TIF Viking i Førde 29. nov.

Etter ein roleg sommar, er no endeleg sesongen i gang att for volleyballen. Første serve vart skote i oktober. Sesongen held fram til april. I dag har klubben sju U13-lag, to U15-lag, 2 U17-lag og eit U19-lag. I tillegg har FTIF Volleyball fem seniorlag, der eitt av dei er eit herrelag.

Men ambisjonane er det så som så med. Og det er bevisst.

– Vi har ikkje dei store ambisjonane. Det viktigaste er at vi har det gøy. Vi er ein klubb som målretta satsar på breidde, og ikkje på topping. Og vi er fokusert meir på meistring enn på prestasjonar, reint sportsleg, seier Solberg.

Elise og Linea Bortne Haveland sammen med landslagspiller Lars Fredrik Tvinde fra Førde VBK.

Elise og Linea Bortne Haveland sammen med landslagspiller Lars Fredrik Tvinde fra Førde VBK. Foto:

Artikkeltags