– Held dei fram å spele det gode spelet dei har vist her heime i vårsesongen, trur eg dei kan nå sluttspelet, seier Jørgen Agledal i foreldreutvalet. I tillegg til småjentene stiller Sportsklubben med lag i gute og smågute klassen i Norway Cup. I slutten av juli er det dermed ein delegasjon på 50 spelarar pluss leiarar, trenarar og foreldre frå FSK som set seg på bussen.
27. juli 08.00 set dei kurs mot Oslo og Norway Cup. Og ein skal ikkje vere overraska om jentene går vidare. For dei jentene FSK har, er gode og klubben skulle ønskt at fleire jenter ville vere med. – Vi treng fleire jenter slik at vi kan få stabla eit damelag på beina. Det treng vi her i byen, seier Agledal og oppmoder alle jenter som ønskjer å spele organisert fotball å bli med på treningane i haust.