Ny bronse til Øyvind Strømmen Kjerpeset

Øyvind Strømmen Kjerpeset tek seg her kontrollert vidare frå forsøksheatet på 200m under NM i friidrett.

Øyvind Strømmen Kjerpeset tek seg her kontrollert vidare frå forsøksheatet på 200m under NM i friidrett. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fjerde plass til Kirsti Strømmen Kjerpeset.

DEL

Øyvind Strømmen Kjerpeset sikra seg ein ny medalje under NM i friidrett i Sandnes i dag. Akkurat som på fredag blei det bronse på Florø-utøvaren. Denne gongen på 200m.

Strømmen Kjerpeset tok seg kontrollert vidare frå kvaliken med seier i sitt heat, på tida 22.39. Det var den svakaste vinnartida i dei fire heata, og sju løparar hadde betre tider, men det er grunn til å tru at han sparte litt på krutet. Semifinaleplassen var uansett sikra, og i det løpet skrudde han opp farta.

I semifinalen hamna Strømmen Kjerpeset i same heat som han som har vore Norges raskaste mann i år. Jonathan Tetteh Quarcoo vann 100 m relativt enkelt, og han hadde heller ikkje noko problem med å vinne sitt semifinaleheat. Tida 20.84 var nøyaktig sekundet betre enn Strømmen Kjerpeset, som tok andreplassen i heatet. Begge var dermed klare for finale.

Jonathan Tetteh Quarcoo var naturleg nok stor favoritt til å ta sitt andre gull i 200m-finalen. Øyvind Strømmen Kjerpeset måtte nok ta sikte på ein av dei andre medaljane. Det gjorde han også. Rekkefølga i finalen vart faktisk akkurat den same som i 100m-finalen. Quarcoo vann med god margin ned til Mathias Hove Johansen. Tidene vart høvesvis 20.76 og 21.16. Vår mann klokka inn på 21.65, og det heldt til nok ein bronsemedalje.

Kirsti Strømmen Kjerpeset måtte nøye seg med ein fjerdeplass i sin finale litt tidlegare på dagen. På 100m hekk vart Line Kloster frå Vidar for sterk med tida 13.67. Sølvet tok Agathe Holtan Wathne frå Sandnes seg av, med tida 13.78, medan Ida Eikeng frå Urædd tok den siste pallplassen med 13.97. Kirsti Strømmen Kjerpeset løp på 14.23.

Artikkeltags