– Dette har vore det store målet i år

MEDLAJEJEGAR: Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til bronse både på 100 meter og 200 meter under NM i Sandnes.

MEDLAJEJEGAR: Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til bronse både på 100 meter og 200 meter under NM i Sandnes. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FRIIDRETT: Søndag krona Øyvind Strømmen Kjerpeset NM med sin andre medalje i år.

DEL

– Det har vore ei forferdeleg lang helg, men eg er utruleg nøgd med korleis det har gått, seier ein tydeleg sliten Øyvind Strømmen Kjerpeset til Firda.

Han har konkurrert under NM i friidrett på Sandnes sidan fredag, og den omskulerte sprintaren fekk betalt.

Fredag sprang han i mål til bronsemedalje på 100 meter, og søndag svarte han med ein medalje i same valør på 200 meter.

– I heile år har målet vore å gjere det bra på NM, og å ta to medaljar. Når eg fekk det til må eg seie at eg er veldig nøgd, seier Strømmen Kjerpeset.

Vart bekymra

Men det såg ikkje ut til at det skulle gå heilt knirkefritt. For i semifinalen på 100 meter, den kanskje gjævste øvinga i idretten, var tida til florøværingen dårlegare enn venta. Han var nede på femteplass på lista over bestetid.

– Då vart eg nervøs. Men så greidde eg å heve meg til finalen, og levere best når det gjaldt. At eg fekk det til, er det eg er mest nøgd med heile helga. Dette gir motivasjon på å jobbe vidare mot neste år. Ein skal ikkje ha sett det beste av meg heilt enno, seier Strømmen Kjerpeset.

– Frustrerande å sjå Warholm

Tidlegare var Øyvind Strømmen Kjerpeset eit stort talent som hekkeløper på 400 meter. Det var og det som gjorde at han fekk kongepokalen i 2013.

Men sidan den tid har årets kongepokal-vinnar, Karsten Warholm, entra scena. Med brask og bram. For han har snudd ryggen til heile verda, og vart i sommar verdsmeister på øvinga Strømmen Kjerpeseth heldt på med. No har Strømmen Kjerpeset gått over til sprint, utan hekkar.

– Det har vore litt frustrerande å sjå Karsten. Det skal eg ærleg innrømme. Han har avløyst den eine suksess-sesongen med den andre, uten å vere skada. Også har ein eit stort talent. Så eg skulle gjerne hatt skadehistorikken hans, seier Kjerpeset.

For florøværingen har det vore ein litt anna kvardag. Han flytta til Oslo for å satse som fulltidsutøvar, og fekk bra respons på den første perioden, utan skader. Så byrja skadene å komme.

– Dei siste åra har vore frustrerande. Men eg håpar det er betre no. Så eg kan utvikle meg og få betre tider på sprint-øvingane, seier Strømmen Kjerpeset, som er i gong med sitt tredje år som medisinstudent.

– Det passa meg betre å studere ved sidan av idretten, enn berre å drive med idrett. Då blir det litt einsidig, og med meir press, seier han.

Artikkeltags