Bronse til Ben Jeffrey Benert

DEL

I helga har det vore junior-NM innandørs i Ulsteinvik, og Florø Turn og Idrettsforening stilte med tre deltakarar. Av dei var det Ben Jeffrey Benert som var det største håpet. På 200 meter kunne det vere håp om medalje, og det blei det da også. Florø-guten sprang inn til ein bronsemedalje med tida 22,48.

Andreas Bakketun frå Gneist vann med tida 21,84 sekund.

– Det var heilt greitt. Det har vore mykje skule i det siste, og ut ifrå den forma eg viste her i Ulsteinvik var dette som venta, sa 18-åringen til Firda etter løpet.

Benert sprang i bane fire, og meiner at han kunne ha vore med å kjempe om sølvet med ei betre plassering og litt piggare bein, men Bakketun var i ein klasse for seg.

Dei andre to som stilte for FTIF i meisterskapet var Magnus Lande Angelshaug og Britney Benert.

Artikkeltags