Ny leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins

NY LEIAR: Asgeir Årdal går inn i vikariat som ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins.

NY LEIAR: Asgeir Årdal går inn i vikariat som ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Asgeir Årdal er tilsett i eit års vikariat i 60 prosent stilling som dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins. – Alle kan finne sin plass innan friidretten, seier han.

DEL

– Det er spennande å få jobbe innan idrett, seier Asgeir Årdal som no går inn i rolla som dagleg leiar. Det skriv Firda.

Årdal fortel at han ønsker å legge til rette for klubbane, både på toppnivå og for mosjonistane. Han seier òg at han vil vidareføre det gode samarbeidet som har vore med klubbane i alle år.

– Det blir gjort utruleg mykje bra for unge ute i klubbane, seier han.

Årdal har bachelorgrad med idrett, fysisk aktivitet og helse, og har tidlegare jobba som sportsjournalist. Han er no idrettslærar på vidaregåande. Han kjem til å kombinere stillinga i friidrettskrinsen med lærarjobben.

– Friidrett er allsidig og noko for alle. Ein har mange greiner innan friidrett og kan finne noko ein er god på, om det til dømes er løp, kast eller hopp. Alle kan finne sin plass, seier Årdal.

Han har lyst til å dra i gang fleire treningsprosjekt og treningsgrupper for dei aktive som vil bli betre, med miljø- og treningssamlingar. Men han ønsker òg å vere med på å legge til rette for mosjonistane. Han seier og at det er mange private løpegrupper i Sogn og Fjordane, men at han ser at det er moglegheit for å starte opp meir organiserte grupper.

Årdal tek over etter Narve Heggheim, som har jobba i idrettskrinsen i fjorten år.

Artikkeltags