Terje Rognsø: – Eg gler meg til å ta fatt på ein ny epoke i livet mitt

NY DAGLEG LEIAR: Terje Rognsø annonserte nyleg at han hadde leia Florø i sin siste kamp som trenar. Onsdag vart han presentert som ny dagleg leiar i Sogndal Fotball.

NY DAGLEG LEIAR: Terje Rognsø annonserte nyleg at han hadde leia Florø i sin siste kamp som trenar. Onsdag vart han presentert som ny dagleg leiar i Sogndal Fotball. Foto:

Av

SOGNDAL: Det vart klart under ein pressekonferanse onsdag.

DEL

– Eg er kjempeglad for å vere her. Eg gler meg til å ta fatt på ein ny epoke i livet mitt. Dette ser eg verkeleg fram til.

Det seier Terje Rognsø til Firda.

Klokka 13.00 vart det kjent at tidlegare Florø-trenar Terje Rognsø er ny dagleg leiar i Sogndal Fotball. Florøværingen begynner i stillinga 1. januar 2019.

Styrleiar Tor Arne Ness er glad for at Rognsø takka ja til jobben.

–  Han har lang erfaring innan fotballen og kjenner fylket vårt godt. Han er ein gründer med leiarerfaring frå næringslivet. Vi gler oss veldig til å få inn den fotballkunnskapen og -erfaringa han har.

Sogndal starta jakta på ny dagleg leiar i vår. Då var Yngve Hallén i kontakt med Rognsø.

– Vi prata saman om det kunne vore aktuelt, men då var utfordringa at Florø og Sogndal spelte i same divisjon. Då dei valde å utsette tilsettinga hadde eg eit håp om at det likevel kunne vere aktuelt. Det eg var klar på var at eg ikkje ønskte å vere trenar lenger, fortel Rognsø.

Styreleiaren fortel at dei hadde fleire interessante kandidatar.

– Vi har god kompetanse i klubben, men ønskte å få inn nye krefter som kan sjå ting med nye auge. Ein person som kan vidareutvikle fotballen og måla våre, seier Ness.

Hilde Østbø, som har vore konstituert leiar, går inn i ei sentral stilling i klubben. Tidlegare leiar Egil Mundal gjekk av som leiar 31. desember 2017.

Opprykkslaget frå 1985 blir gullaksjonærar i fotballhallen

Artikkeltags