Svelgen TIF blei doble kretsmeistrar i fotball

VINNARAR: Fylket sitt beste lag i klassa G13/14 7ar; Svelgen TIF

VINNARAR: Fylket sitt beste lag i klassa G13/14 7ar; Svelgen TIF Foto:

DEL

Laurdag blei det klart at Svelgen TIF blei kretsmeistrar i fotball i klassa G13/14 i niarfotball. Det blei klart etter at dei spelte 2–2 på bortebane mot Vik. Svelgen TIF hadde 2–0 å gå på frå heimekampen som blei spelt tidlegare i veka, og vann difor finalen i krinsmeisterskapen med 4–2

Dette kjem på toppen av ein strålande sesong for Svelgen TIF. Dei var nemleg allereie kretsmeistrar i klassen G13/14 for sjuarfotball. Det blei dei etter to finalekampar mot Veten/Hardbagg/Stryn. Svelgen vann bortekampen med 2-1, og satte kronen på verket med ein solid 5-2 siger på heimebane onsdag for halvannen veke sidan.

FLEIRE VINNARAR: Svelgen blei også Kretsmeistrar i klassa G13/14 7ar

FLEIRE VINNARAR: Svelgen blei også Kretsmeistrar i klassa G13/14 7ar Foto:

Det står framleis att eit par-tre kampar før alle KM-vinnarane i Sogn og Fjordane er kåra, men i skrivande stund er dette dei som kan smykke seg med tittelen:

Kretsmeistrar 2019

G 13/14 9 ar - SVELGEN TIF

G 13/14 7 ar - SVELGEN TIF

J 13/14 9 ar - STRYN TIL

J 15/17 11 ar - FØRDE IL

6.divisjon menn - FURE IL

3.divisjon kvinner - STRYN TIL

G 13/14 11 ar - SOGNDAL IL

G 15/17 1.divisjon - STRYN TIL

G 15/17 9 ar - VIKANE IL

Kretsligaen (4.divisjon menn) - ÅRDAL FK

5.divisjon menn - VIK IL

4.divisjon kvinner - IL HØYANG

7.divisjon menn - STADLANDET IL

Artikkeltags