Daniel (13) frå Svelgen til landslagssamling

Dette er laget som vann eliteturneringa for 13-åringar i Trondheim i helga. Daniel Sætren frå Svelgen står til høgre i grøn keeperskjorte - ved sidan av han står for øvirg Michael Sobczak frå Florø, og som nummer to frå venstre framm sit Simon Rebni. Det er berre Sætren som er teken ut til landslagsskulen.

Dette er laget som vann eliteturneringa for 13-åringar i Trondheim i helga. Daniel Sætren frå Svelgen står til høgre i grøn keeperskjorte - ved sidan av han står for øvirg Michael Sobczak frå Florø, og som nummer to frå venstre framm sit Simon Rebni. Det er berre Sætren som er teken ut til landslagsskulen. Foto:

Av

Daniel Sætren fra Svelgen er éin av seks frå fylket som er plukka ut.

DEL

Daniel Sætren er teken ut til TEAM Sogn og Fjordane som ofte blir kalla starten på landslagsskulen.

Dei to svelgarane, Daniel Sætren og Simon Rebni, var ein del av Team Sogndal G2006 med spelarar frå heile fylket, som denne helga vann eliteturneringa for 13-åringar i Trondheim.

Morten Olsen og Bjørn Totland er trenarar for laget, som vann over lag som Rosenborg, Brann, Lillestrøm og Stabæk på vegen mot finalen. Der vann dei 1-0 over Vålerenga.

Sætren heldt nullen heile tida han medan var på bana i turneringa, og er no plukka ut som éin av seks frå 13-årskullet i Sogn og Fjordane som er vidare til landslagsskulen.

Team Sogndal er eit tilnærma kretslag, der fleire klubbar frå rundt om i fylket var representert. Under kan du sjå troppen som gjekk til topps i turneringa førre helg.
 

Team Sogndal G2006:
Daniel Sætren, Svelgen
Michael Sobczak, Florø
Viljar Stavø, Sogndal
Sigmund Høyvik, Jølster
Mathias Øren, Sogndal
Fabrice Niyomwungere, Vik
Jesper Endal Jepsen, TMFK
Sander Heggestad, Sogndal
Andreas Kalstad, Bjørn IL
Felix Solheim, Dale
Kristian Kongelf, Sogndal
Elling Ingeson Kvåle, Sogndal
Andreas Hvidsten, Førde
Eskil Alsaker, Eid
Olai Farsund, Førde
Ola Lerheim Olsen, Sogndal

Artikkeltags