Runar kan seinke skuldrane

4-0: Runar Hove, her i florødrakta, føler han kan seinke skuldrane litt meir før sesongstart etter 4-0-sigeren over Egersund.

4-0: Runar Hove, her i florødrakta, føler han kan seinke skuldrane litt meir før sesongstart etter 4-0-sigeren over Egersund. Foto:

FOTBALL: To veker før sesongstart har Viking-stopparen frå Florø fått den bekreftinga han ønskte seg på at formen er der.

DEL

Allereie i januar sa Runar Hove frå om at han ville trenge tid på å tilpasse seg nivået i eliteserien, og den kan det sjå ut som han har brukt godt.

I ein treningskamp søndag mot EIK tok Viking fullstendig styringa og vann 4-0.

Hove kallar kampen "ei solid gjennomkøyring".

– Det var bra for sjølvtilliten, både for min eigen og laget sin del, er konklusjonen.

EIK er eit 2.divisjonslag frå Egersund.

Neste helg ventar serieopninga og då kjem Kristiansund på besøk. No ser det ut som Hove kjem til å spele også der.

Artikkeltags