Stimen samla inn 45.000 på få timar

INNSAMLING: Stimen har starta innsamlingsaksjon for Florø. – Vi vil seie takk for det de har vist så langt, håpar dette kan hjelpe på vegen vidare, seier Fredrik Helland, nestleiar i Stimen.

INNSAMLING: Stimen har starta innsamlingsaksjon for Florø. – Vi vil seie takk for det de har vist så langt, håpar dette kan hjelpe på vegen vidare, seier Fredrik Helland, nestleiar i Stimen. Foto:

Av og
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Dei får servert siger på siger på fotballbana. No vil supporterane gi tilbake.

DEL

– Det var kanskje rett dag å starte innsamlinga på, ha, ha, seier Fredrik Helland, nestleiar i Stimen, supporterklubben til Florø Fotball. Det skriv Firda.

For dagen etter at Endre Kupen og Florø slo Mjøndalen 5–0 er stemninga høg i kystbyen.

– Det er over all forventing! Det har vore mange gode tilbakemeldingar i dag om at det er eit godt initiativ. Folk vil vere med å bidra, seier Helland.

Torsdag sparka dei nemleg i gang innsamlingsaksjonen på nett, der målet er å hjelpe klubben vidare.

– Teisi (trenar Terje Rognsø red. mrk.) er eit geni utan like, men alle veit at ingenting er gratis. Vi ønsker å gi ein sum til Teisi, frå oss florøsupporterane, som skal brukast utelukkande til sportslege satsingar i klubben. Vårt mål er at Teisi skal ha litt større handlerom til å gjere sine grep i førebuingane til neste sesong. I mellomtida ventar vi i spenning på om det blir OBOS eller Eliteserien, skriv Stimen sjølv om innsamlinga.

Sidan 13-14-tida torsdag hadde dei klokka 17.30 samla inn 42.920 kroner frå 108 bidragsytarar. Og summen stig og stig. Klokka 18 var summen 45.620 frå 121 stykker, og fredag morgon har det komme inn 72.800 frå til saman 205 givarar.

– Vi har visst ei stund at folk har venta på å kunne bidra. Mange har følt på at dei ikkje har så mykje å gi, men at dei har lyst å gi litt. Ein 200-lapp her og ein 500-lapp der er kanskje ikkje å mykje, men til saman kan det hjelpe. Folk har etterlyst eit slikt initiativ, så då tenkte vi at vi må legge til rette og sjå kvar det tek oss, seier Helland.

Han understrekar at Florø er ein liten klubb økonomisk, samanlikna med mange av motstandarane.

– Det er kanskje akilleshælen vår. Avgrensinga i økonomien ligg der. Ein ting er engasjement og innsatsvilje, som vi har mykje av, men ting kostar no ein gong pengar, seier Helland.

Ikkje berre florøværingar med

Supporterklubben blei grunnlagt i januar, og tel no 350 medlemmer.

– Stimen har vore gjengen som gjekk og såg kamp, så då klubben skulle bli seriøse måtte vi også bli det. Men namnet Stimen kom vel for ein tre-fire år sidan, seier Helland.

Då dei starta var det florøfolk som blei med, men no har dei medlemmer frå Eid, Nordfjordeid og Hyllestad i tillegg.

– Det er veldig artig. At folk utanfrå Florø også ser kva som skjer her no, det er veldig moro. Det som skjer om dagen er fantastisk. Ein ting er at det er gøy med målshow, men det er bra fotball Florø viser og ein bra kamp. Det er resultat av lang tids arbeid. For oss på tribunen er det utruleg artig å sjå, seier Helland.

Dessutan er det ikkje berre menn i 40-åra med ølmage som heiar fram Florø, fortel Stimen-nestleiaren.

– Førre veke reiste mange til Kristiansund for å sjå kampen der. Det var både barnefamiliar og pensjonistar. Det viser breidda i Stimen, og for så vidt i fotballnorge. Det er veldig kjekt.

No kjem folk han aldri hadde trudd han skulle sjå på Florø stadion på kamp, seier Helland.

– Det er eit veldig engasjement. Det er gøy!

Takkar og bukkar

Og trenaren sjølv, han er smigra:

– Eg kan ikkje seie anna enn at det er fantastisk. Det er eit utruleg engasjement. Det er berre å takke og bukke. Vi ser at folk bryr seg om klubben, det er kjekt, seier Rognsø.

Klubben har eit budsjett på 11 millionar kroner i 2017.

– Eg skal vere forsiktig med å sutre over økonomien til klubben, men dette er vår sjanse. No har vi moglegheita til å etablere oss, seier trenaren.

Aksjonen held fram i 80 dagar, og overrekkinga skjer ved sesongslutt. Helland og Stimen har ein beskjed:

– Vi håpar fleire vil vere med, og det hadde vore kjekt viss næringslivet hiv seg på.

Endre Kupen herja med Mjøndalen.

Endre Kupen herja med Mjøndalen. Foto:

Artikkeltags