Mjøndalen ute etter revansj i serieopninga

TAPTE: Mads Hansen og MIF fra 4-2-tapet for Florø på hjemmebane i fjor. 2. påskedag jakter de brune revansj mot Florø.

TAPTE: Mads Hansen og MIF fra 4-2-tapet for Florø på hjemmebane i fjor. 2. påskedag jakter de brune revansj mot Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

MIF er store favorittar i seriestarten heime mot Florø 2. påskedag, og har til dei grader noko å revansjere frå i fjor.

DEL

I OBOS-ligaen 2017 var Florø det laget Mjøndalen gjorde det aller dårlegast mot. MIF enda på ein sterk 3.-plass til slutt, men tapte så det song for nyopprykte Florø i begge tilfella.

På Isachsen Stadion i juni blei Florø det første mannskapet som slo dei brune på eige kunstgras sidan november 2015 – etter sensasjonelt å ha sigra 4–2. Snaue to månader seinare blei Mjøndalen regelrett utklassa med 5–0 på bortebane.

Etter det fekk Mjøndalen komme seg på rett kjøl og blei haustens lag med ni sigra på dei ti siste kampane, medan Florø på si side berre vant éit av dei ti siste oppgjera.

Les også vårt fotballmagasin: SERIESTART

Føre 2018-sesongen er MIF tippa i toppsjiktet av dei fleste, medan ein trur at Florø får trøbbel i den ofte vanskelege andresesongen etter eit opprykk. Det står att å sjå om eikværingane får sin revansj.

Vertane slepp i alle fall Endre Kupen, mannen som seinka MIF med totalt seks mål i fjor, er gått til Bodø/Glimt.

Les også: Tapte mot divisjonskollega - no ventar serieopninga

MIF signerte den svenske duoen Mahmoud Eid (angrep) og Sebastian Starke Hedlund (forsvar) på lån frå Kalmar FF rett før påskehelga, men dei blir ikkje speleklare til måndagens seriestart. Elles er Mathias Fredriksen (avriven hamstring) langtidsskadd, medan og Henrik Gulden mistar seriestarten grunna skade.

Les også: Firdapostens tabelltips

Hjå Florø sonar stopparen Vegar Gjermundstad karantene fordi han fekk raudt kort i serieavslutninga i fjor.

Kampen 2. påskedag spelast på Isachsen Stadion og startar klokka 18.00.

Artikkeltags