Gå til sidens hovedinnhold

Tårevåt avskjed: – Dette var rørande

Artikkelen er over 2 år gammel

FOTBALL: Terje Rognsø sitt namn vil for evig og alltid stå med gullskrift i Florø-fotballen si historie. Søndag sette han punktum.

For abonnentar

Florø spelte søndag sin siste kamp i 1. divisjon, i alle fall for denne gong. Kampen var også den siste for hovudtrenar Terje Rognsø, mannen som saman med assistenttrenar Geir Rindheim har stått bak det fantastiske fotballeventyret som Florø har fått oppleve dei siste åra.

– Dette var rørande. Spesielt på slutten, då står ein med klump i halsen. Eg har visst ei stund at dette ein dag skulle skje, men når den først er der så er det jo spesielt, seier Rognsø.

Etter kampen mot Mjøndalen vart han takka av saman med Rindheim.

Tapte siste kampen

Sjølve kampen vart ikkje akkurat slik Rognsø hadde håpa den siste kampen skulle bli. Mot Mjøndalen tapte laget frå kystbyen 0–2. Veteranen Olivier Occean scora begge måla og sende laget sitt opp i eliteserien.

Alle detaljane frå Florø-Mjøndalen finn du i Firda-liven.

Det var med andre ord kontrastar på Florø stadion søndag ettermiddag, med eit Mjøndalen-lag som feira opprykk til eliteserien, og eit Florø-lag som vart nummer 15 i årets 1. divisjon og som neste år spelar i 2. divisjon. Nedrykket vart klart borte mot Notodden sist helg.

– Korleis var det å komme til stadion i dag for siste gong som Florø-trenar?

– Det har vore mykje merksemd, og det er noko av grunnen til at dette ikkje har kome ut før. Eg ville ikkje ha noko om dette før ting var avklart med tanke på kva divisjon vi skal spele i neste år. Klubben har visst det, men eg har veldig glad for at dei har klart å halde det internt. Men så blei medietrykket frå dykk og dei andre stort då det vart avklart at vi rykker ned. Og då følte eg ikkje at det var så farleg å gje beskjed, seier Rognsø.

 

Rognsø si meining

– Kva meiner du er viktig å gjere i Florø no etter nedrykket og i jobben med å finne ny trenar?

– Eg trur det er viktig å finne ut kva trenartype ein skal ha. Kva skal han gjere? Skal han berre trene eit A-lag? Skal han gjere mykje meir i klubben? Kva som er arbeidsoppgåvene til ein trenar i Florø, det er det ein først må finne ut, meiner han.

– Det er i alle fall første bod. Og så er det jo aktuelle namn, både lokalt og eksternt. Det får klubben finne ut av, det skal ikkje eg legge meg opp i, seier Rognsø og flirer.

Bildeserie

Nokre glimt frå den siste OBOS-kampen

 

– Var dagens kamp den siste toppfotballkampen i Florø?

– Det er vanskeleg å seie. Det vert tøffare og tøffare. Eg meiner at eg og Geir (Rindheim) og fleire andre her i klubben omtrent er idiotar. Ein må finne idiotar som vil dette nok og legg alt anna vekk. Ein har full jobb, men elles så handlar alt anna seg om fotball. Det er vanskeleg å seie om ein skal opp igjen i 1. divisjon, seier Rognsø.

Skal det skje, så meiner i alle fall Rognsø at eit tettare samarbeid med andre klubbar må til.

– Vi klarer ikkje å produsere alt saman sjølv til dette nivået, så ein må bli betre til å samarbeide med andre om ein skal få det til. Då er det ikkje umogleg, seier Rognsø.

 

 

Kommentarer til denne saken