Uviss framtid for Nicklas Frenderup

IKKJE BENKEN: Nicklas Frenderup vil ikkje sitte på benken i HB Køge, slik han gjorde her, mot Kongsvinger for Florø i fjor. No er han på klubbjakt igjen.

IKKJE BENKEN: Nicklas Frenderup vil ikkje sitte på benken i HB Køge, slik han gjorde her, mot Kongsvinger for Florø i fjor. No er han på klubbjakt igjen. Foto:

FOTBALL: Keeperen med ei fortid i Florø har takka nei til å fornye kontrakta si i Danmark.

DEL

Den tidlegare Florø-keeperen, Nicklas Frenderup, som i dag spelar for HB Køge i Danmark står utan kontrakt frå sommaren. Det er uvisst kor han kjem til å spele etter den tid.

Frenderup overraska mange då han drog frå Florø i fjor sommar. Han sakna å vere heime, og ville ha nye utfordringar sa klubben. Heimlengselen var likevel ikkje større enn at han umiddelbart etterpå takka ja til eit tilbod frå Sandnes Ulf, der han spelte haustsesongen i fjor. Etter sesongslutt teikna han ein korttidskontrakt med HB Køge, fram til sommaren, og det er den kontrakten Frenderup no ikkje vil fornye.

– Vi har ikkje brukt Nicklas som førstekeeper, og eg har forståing for at det ikkje heng saman for han, seier direktøren i HB Køge til www.bold.dk.

Frenderup seier at han har tilbod frå Norge, men at han gjerne vil prøve noko anna no.

Artikkeltags