Florø tok sin første siger i OBOS

Monir Benmoussa sikra Florø deira første siger i OBOS-ligaen.

Monir Benmoussa sikra Florø deira første siger i OBOS-ligaen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ei scoring på overtid sikra Florø deira tre første poeng i OBOS-ligaen.

DEL

Like før pause tok Fredrikstad leiinga i plankebyen, og det såg lenge ut til at Florø skulle gå på nok eit poengtap. Det skriv Firda.

Men Terje Rognsø sitt lag ville det annleis. Og med to scoringar dei siste 21 minutta, sikra Florø sin første trepoengar i OBOS-ligaen, gjennom klubben sin historie.

Dei som vil stå med gullskrift i historiebøkene etter den bragda, er Erlend Hove, som fekk kriga inn 1–1 etter 69 minutt.

Langt inne på overtid vart Monir Benmoussa den store helten for gjestane. Han avslutta ei kontring med å vende vekk to spelarar, og sette ballen sikkert i mål.

Dermed hadde Florø snudd kampen, og tok sin første siger.

Med det resultatet klatra Florø til 8.-plass i OBOS-ligaen.

Firdaposten kjem attende med meir.

Sjå live her.

Artikkeltags