Skadeskote Florø spelte 1–1 med ti mann

GOD LÆRING: Terje Rognsø fortel at det er mykje god læring i ein slik treningskamp.

GOD LÆRING: Terje Rognsø fortel at det er mykje god læring i ein slik treningskamp. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FOTBALL: Florø slit framleis med skade på sentrale spelarar.

DEL

Etter uavgjort, 1–1, mot både Lillestrøm og Sogndal, og tap mot Strømmen føre helg jakta Florø årets fyrste seier i møtet med OBOS-kollega Nest-Sotra. Slik blei det ikkje og kampen enda til slutt 1–1. Florø sitt mål blei scora av nysigneringa Patrik Johannessen, fortel firda.no.

– Nest-Sotra dominerte frå start og tok leiinga på eit straffespark. Dei er eit veldig offensivt lag og vi slit ein del i starten av kampen. Etter kvart kjem vi meir inn i det og får ei utlikning. Vi får justert oss og er fult på høgde med dei, heilt til vi får ein mann utvist. Då blir det eit større trykk på oss, seier Florø trenar Terje Andre Rognsø etter kampen i Vestlandshallen.

God læring

Ifølge han ligg det mykje god læring i ein slik kamp.

– Vi har fått god matching i treningskampane så langt. Det vi ser er at vi må jobbe med dei offensive relasjonane. Vi har fått nye spelarar inn og har nokre spelarar som vi håpar tar nivået etter kvart. Det vi ser er at vi har fått mange av spelarane opp på eit godt nivå på det fysiske. Det er eg nøgd med.

Av nye spelarar har Florø fått in Patrik Johannessen og Dejan Corovic. Rogsnø fortel at det kan bli aktuelt å hente inn fleire forsterkningar, men at det avheng litt av skadesituasjonen deira.

– Vi har fleire sentrale spelarar ute med skade. Kristoffer Ryland er tilbake i full trening, Luc Jeggo har enno ikkje vore med i år, Halvor Solheim-Olsen slit enno med ein strekk og Runar Hove slit med ein muskel som er riven av. Eg kan ikkje gå rundt å bekymre meg over det, men eg skulle gjerne hatt dei med.

Trong økonomi

Rognsnø fortel at Florø har mindre stall i år grunna ein trong økonomisk situasjon. For dei er det ikkje berre å hente inn nye spelarar.

– For oss handlar det heile tida om prioriteringar. Skal vi hente inn ein ny spelar må det gå på kostnad av noko anna, for eksempel det medisinske apparatet.

Neste utfordring for Florø sin del er mot Førde i Hafstadparken, 7. januar. Der kjem dei med eit litt annleis lag.

– Der vil ein god del av dei som ikkje fekk prøve seg i dag spele. Eg håpar det ikkje blir for kaldt. Mange har mykje trening i kroppen og vi må vere forsiktig med skader. Eg trur nok vi skal klare å gje Førde kamp, avslutta Rognsø.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken