No kan «Stormen» juble over tre nye poeng til serieleiar AaFK

FOTBALL: Etter tre tilleggsminutt vart kampen avslutta, og supporterklubben «Stormen» kan juble over tre nye poeng og 4 -1 i AaFK sin favør.

DEL

Søndag var det tid for den 18. serierunden og den 9. heimekampen for Florø Fotball. Det enda i eit massivt nederlag for Florø, med stillinga 4 – 1 når kampen var ferdigspelt. I dei siste minutta var stemninga amper på Florø stadion, noko som leia til fleire gule kort til Florø sine spelarar.

Fridjonsson scora tre

I det 31. minuttet sette Aalesund-spelar Holmberg Fridjonsson det første målet for serieleiaren. Med det tok Aalesund leiinga. Det massive trykket mot Florø heldt dei fram i andre omgang, og allereie etter to minutt aukar AaFK leiinga. Igjen var det Fridjonsson som sette ballen i mål. Florø mistar ballen, noko AaFK utnyttar til det fulle. Brunstad Fet spelar ballen til Fridjonsson. Han set den iskaldt rett i målet.

Håpet er likevel framleis til stades, og i det 56. minuttet er Stefan Aase på. Han tar ei straffe etter at Vegard Savland blir felt, og skyt den knallhardt til venstre. AaFK sin keeper er for sein og stillinga er 2 – 1 til Aalesund.

Tar att tomålsleiinga

Men knappe sju minutt etter er AaFK på att, og viser kvifor dei er i toppen av serien. Fredrik Carlsen får ein corner, og Steen Sæthre frå Aalesund avsluttar. AaFK tar attende tomålsleiinga.

Den siste kniven i hjartet er det Fridjonsson som set, då han scorar sitt tredje mål for AaFK med ein suveren hat-trick.

Etter tre tilleggsminutt er kampen avslutta, og supporterklubben Stormen kan juble over tre nye poeng.

Artikkeltags