Eikefjordjentene herja på Sunnmøre

Frå venstre: Bea Hallstensen, KristinTorsvik Myrvollen, Britt-Helen Grytten, Lisa Hanssen, Kristiane Standal, Andrine Olsen Endestad, Mathilde Øren Halvorsen, Amalie Sommerstad Eikevik, Ive Langedal Ness, Miriam Eikefjord

Frå venstre: Bea Hallstensen, KristinTorsvik Myrvollen, Britt-Helen Grytten, Lisa Hanssen, Kristiane Standal, Andrine Olsen Endestad, Mathilde Øren Halvorsen, Amalie Sommerstad Eikevik, Ive Langedal Ness, Miriam Eikefjord Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Eikefjord J14 har vore i Ålesund og spelt fotballcup i helga. Dei stoppa ikkje før dei var i finalen.

DEL

Eikefjords J14-lag har herja i serien i år. Dei har scora til saman 96 mål hittil, og har tre poengs forsprang på den einaste utfordraren. Det er Dale, som dei skal møte til toppoppgjer kommande fredag. Denne helga har jentene tatt turen over fylkesgrensa for å spele Hessa Cup.

Hessa Cup er ein relativt stor turnering i Ålesund. Dei har halde på kontinuerleg sida 1980. I år var det 54 påmelde klubbar, dei fleste av dei med fleire lag. Rundt 800 spelarar. Eikefjord stilte med tre lag, J14, G14 og G12, men det var jentene som beit best ifrå seg. Kanskje ikkje så rart. Dei hadde dei to ferske Norway Cup-vinnarane Kristin Torsvik Myrvollen og Andrine Olsen Endestad med på laget.

Jentene hadde ingen problem med å komme seg gjennom gruppespelet. Langevåg gul vart slått 3-1, Sykkylven fekk stryk med heile 6-1, før Rennebu måtte bite i graset med 5–2. Dermed var jentene suverene gruppevinnarar, og klare for sluttspelet.

Her møtte dei heimelaget, SIF/Hessa IL i kvartfinalen, og heimefavorittane måtte gå slukøyret i garderoben etter å ha tapt 4–1. I semifinalen venta eit revansjesugent Sykkylven, og kanskje var Eikefjordjentene i ferd med å bli slitne. Tre av jentene spelte nemleg også for G14-laget, og det er klart at det tek på. Det vart i alle høve ikkje noko reprise av utklassinga i gruppespelet. Sykkylven haldt dei oransje til 1-1, men i straffesparkkonkurransen drog Eikefjord det lengste strået. Dei var klare for finale.

På andre sida av bana venta MSIL J03. Klubben frå Mauseidvåg er gode på jentefotball, så dette var ikkje nokon enkel match. MSIL tok då også leiinga 1-0, men Eikefjord nekta å gje seg utan kamp. Dei utlikna til 1-1, men til slutt var det MSIL som var sterkast. Når dei la på til 2–1 hadde ikkje Eikefjord noko å svare med. MSIL tok sigeren, og Eikefjord-jentene måtte nøye seg med andreplass.

Trenar Hans Endestad synest ikkje sølv i Hessa Cup er noko å skamme seg over.

– Vi vann sølv i dag. Som ungdommen seier så «naila» vi Hessa Cup. Dette er heilt rått.

– Sølv er ikkje nederlag i Hessa Cup altså?

– Det er klart at det alltid er litt surt å tape når ein er så nær, men jentene sa etter kampen at dei hadde gitt alt. Dei hadde ikkje meir å gi. Då er det greitt. Men nokre av jentene har spelt mange kampar i helga. Dei var slitne. Nei vi er ikkje skuffa over dette. Jentene spelar verkeleg bra fotball. Dei spring og kjempar for kvarandre og er eit lag. Dette er ikkje noko nederlag. Vi har vunne sølv vi!

Artikkeltags