Vil bygge damelag i Eikefjord

LEIAR: Julie Titlestad, Eikefjord IL vil fronte damesatsing.

LEIAR: Julie Titlestad, Eikefjord IL vil fronte damesatsing.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Eikefjord IL tek ansvar etter at Florø Fotball måtte trekke damelaget sitt i haust.

DEL

Det er bygda OL-vinnar Margunn Haugenes kjem ifrå, så det er kanskje ikkje så utenkeleg at det nettopp er Eikefjord som tek over stafettpinnen etter at Florø Fotball måtte trekke laget sitt i haust.

Vil trene fotball

– Vi i Eikefjord har ikkje hatt damelag i fotball siste åra og i Florø blei laget trekt frå haustsesongen på grunn av for lite folk.

Men i Eikefjord har vi no ein flott gjeng med damer som ønsker at vi kjem opp med eit tilbod til dei, seier Julie Titlestad i Eikefjord IL.

Startar opp onsdag

Ho fortel at dei no kjem til å starte opp. Den første treninga blir allereie onsdag 4. november klokka 19.30 på Eikefjord Idrettspark. No håper dei at jenter og damer frå Florø ønsker å vere med å spele fotball i Eikefjord.

– Vi har også sendt invitasjon til Tambarskjelvar i Naustdal då heller ikkje det idrettslaget har nok spelarar til å stille eige damelag, seier ho.

Per i dag har Eikefjord IL ei liste med tretten damer som ønsker eit tilbod, men det skal ifølge Titlestad stadig komme fleire spelarar til.

Artikkeltags