Dei booka Book

STORSIGNERING: Kristoffer Book (21) trappar ned tre divisjonar og vel Eikefjord Fotball og 5. divisjon i 2016 sesongen, noko trenar Håvard Mjølkeråen, til høgre, er svært nøgd med. Foto: Eikefjord Fotball

STORSIGNERING: Kristoffer Book (21) trappar ned tre divisjonar og vel Eikefjord Fotball og 5. divisjon i 2016 sesongen, noko trenar Håvard Mjølkeråen, til høgre, er svært nøgd med. Foto: Eikefjord Fotball

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Eikefjord Fotball i 5. divisjon har sikra seg ein klassespelar på topp i florøspissen Kristoffer Book (21). 

Book var klar på at han ville trappe ned føre 2016 sesongen. No trappar han ned tre divisjonar til Eikefjord i 5. divisjon.

Trenar Håvard Mjølkeråen jublar over at både Kristoffer Book og Kristoffer Sigdestad med erfaring frå 2. divisjon no vel å trekke i oransje.

– Dei dukka opp på trening hos oss i slutten av november, og då var det jo berre å ønske dei velkommen, seier Mjølkeråen og klarer ikkje å skjule at det er supert med to slike klassespelarar inn i troppen.

Opprykk?

Mjølkeråen fortel det viktigaste i Eikefjord Fotball er og skal vere trivsel.

– Det er klart det er mange som snakkar om opprykk då vi har fått både Sigdestad og Book inn i laget, men det er tidleg enno, seier han.

Eirik Endestad er også tilbake etter skade og ein sesong i Saga. Han blir ein støttespelar til trenarteamet og er ein solid spelar når han er i form. Med makker Erling Austrheim i midtforsvaret har dei eit godt stopparpar.

– Per no tenkar vi ikkje opprykk. Det viktigaste for oss er å ha det kjekt. For mange av spelarane er det kjekkast å vinne kampar noko som er positivt, men som sagt det er for tidleg å snakke om opprykk, seier Mjølkeråen.

Troppen på gang

I Eikefjord skal dei trene tre gongar i veka og ein del treningskampar er booka allereie. Onsdag speler dei mot Tempo (6. divisjon), Søndag møter dei Fure (5. divisjon). Vidare skal dei møte Gaular, Sandane, Bremanger før sesongen startar mot Eid 2 borte 2. mai.

– Vi slit litt på keepersida og har dessverre hatt mange treningar utan keeper. Nicholas Solsvik (18) vi håper skal vere med vidare, men på keeperplassen er vi utsett, seier EIL-trenaren.

Eit par av dei unge i klubben har trenaren tru på. Trygve Samdal er ung og framstormande og Daniel Søvig meiner han kan ta steget opp i år.

Håvard Mjølkeråen (30) ønsker ikkje å spele sjølv.

– Eg synest det er kjedeleg å sette andre på benken. Eg vil kanskje trene frå tid til anna, men det blir først og fremst jogging på meg framover, seier han. Grunnen er at EIL-trenaren skal springe Jølster Maraton til sommaren. Startkontingenten på 440 kroner er allereie betalt. Og grunnen til at han skal gjennomføre ein maraton lovar godt for klubben han er trenar for.

– Det er kjekt med hårete mål.

Artikkeltags