Martine Humlestøl Midtbø er endeleg på veg inn på A-laget etter ein lang skadeperiode

Martine Humlestøl

Martine Humlestøl Foto:

Av
DEL

fotballEndå ei jente frå Sogn og Fjordane er på veg inn i A-stallen. I likheit med Helena Navarsete frå Sogndal kom ho til Arna Bjørnar i 2018 og blei flytta opp i A-stallen i år.

Har kjempa seg tilbake

Martine Humlestøl Midtbø er frå Florø, fødd i 2002 og har spelt organisert fotball i same klubb sidan ho starta med fotball. Ho har òg spelt kampar for kretslag i Sogn og Fjordane i ulike alderstrinn i fleire år.

Klubben gjorde eit spørsmål/svar-intervju med henne på trening på Krohnsminde før laget reiste til Tyrkia, og det har Firdaposten fått lov å vidarebringe.

- Du sto på sidelinja under dagens trening - er du skadd?

- Ja, eg er det.  Eg rauk korsband og menisk 27. april i 2017. Det har vore to lange år, men no er eg snart tilbake. Korsbandet og menisken rauk i ein fotballkamp mot Førde sitt gutelag. Eg fekk spelt i 10 minuttar før kneet small. Eg skulle drible ein spelar, og så hang knottane og foten min seg fast i kunstgraset. I det eg vrei foten rundt small kneet. Eg fekk vite etter ein måned eller to at korsbandet var ryke og at eg måtte vente til eg var skikkelig utvaksen før eg fekk operere. Det tok nesten eitt år. Og etter den operasjonen fekk eg vite at dei måtte operere menisken, òg. Då vart eg enda meir skuffa og lei meg.

- Det krev tolmod og motivasjon å trene seg opp igjen etter slike skader. Har det vore tungt?

- Ja, tida har vore tung og vanskeleg, med lite motivasjon. Tanken om å gi opp har vore der. Men endeleg er eg snart tilbake! Eg mangler berre siste sjekk og klar beskjed på at eg kan begynne med fulle treningar og spele kampar. Så det går veldig bra med meg no, eg får vere med meir og meir og storkosar meg !

- Kvifor begynte du med fotball ?

- Eg begynte på fotball då eg var fem år. Bestekompisen min hadde begynt, så då ville eg og. Eg har vel eigentleg alltid spelt på reint gutelag, så eg synest det er gøy å spele på damelag no. Eg har òg gått på taekwondo og handball og eg driv mykje med slalåm og slike ting på fritida.

Trivst i Bergen

- Du går òg på Tertnes Toppidrettsgymnas, og skal spele for Arna Bjørnar i 2019. Kva tankar har du om framtida innan fotball og kva er målsettinga?

- Først og fremst er jo målet mitt å komme tilbake etter skaden. Å spele meg opp igjen og bli endå betre enn eg var før eg vart skadd. Eg har jo sjølvsagt lyst å spele meg inn i A-troppen og få kampar med dei òg. Men eg set meg mange kortsiktige mål slik at eg kan nå dei eitt etter eitt.

- Kva posisjon trivst du best i - kva er dine sterke sider?

- Eg trivst vel best i 10'ar-rolla eller som spiss. Då kan eg bruke meir av dei beste sidene mine, som er ball i beina og ein mot ein-situasjonar.

- Kva tankar har du om framtidige studier og yrke?

- Skal eg vere ærleg, har eg null peiling på kva eg vil. Eg tenker eg først ser korleis det går med fotballkarrieren, men sjølvsagt gjer eg så godt eg kan på skulen også, slik at eg har fleire moglegheiter om fotballkarrieren går rett vest...

- Korleis trivst du i Arna Bjørnar?

- Eg trivst veldig godt, her er veldig kjekke spelarar og trenarar, gode treningsøkter og bra opplegg. Eg kunne ikkje ha bede om noko betre.

- Kva trur du om sesongen for laget?

- Eg ser lyst på sesongen. Vi har fått mange nye og gode fotballspelarar, så dette kjem til å gå bra! I tillegg har vi fått på plass eit trenarteam som funkar som berre det.

Arna Bjørnar har også tidlegare hatt ein spelar med etternamnet Humlestøl - nemlig Margunn Haugenes som heitte Humlestøl før ho gifte seg. Familiebanda er der, seier Martine, men rett nok langt ute.

Artikkeltags