Florøsyklist imponerte på Bergen-Voss

Artikkelen er over 13 år gammel

SYKKEL: Mikael Johansen (29) leverte eit oppsiktsvekkjande godt resultat under Bergen – Voss denne helga. Han var nummer ni i si klasse med ei tid på 4.16.46. Det skal nemnast at vinnartida berre to gongar vore under 4.20.00 dei siste 30 åra.

DEL

Seks syklistar frå FloraCK stilte i helga til start i sykkelrittet Bergen-Voss i helga. Rittet er 165 kilometer langt og går langs Hardangerfjorden til Voss. Som einaste aktive deltakar frå Florø stilte Mikael Johansen til start i Ekspressgruppa. Feltet kjørte i rekordtempo heile vegen og vinnartida vart sterke 4.12.50 som er den nest raskaste i rittet si 30 år lange historie. Mikael var med i hovedfeltet heilt til det berykta "Skjervet". Dette er ei knallhard stigning på 270 høgdemeter omlag 15 kilometer før mål. Då gjekk det ei lite gruppe i brudd og Mikael hadde ikkje meir å gi.

Tømt i "Skjervet"

– Eg sleit faktisk med å halde følge i nedoverbakkane, og måtte hente inn feltet med 200-300 meter to gonger. Dette kosta krefter og når bruddet gjekk i "Skjervet" hadde eg ikkje mogelegheit til å følge, seier Mikael som med tida 4.16.46 og ein 30.plass totalt (nr. 9 i sin aldersklasse) likevel er godt nøgd.

Det er verdt å nemne at vinnartida berre to gongar før vore under 4.20.00. Rekordåret 1996 med 4.02 og i 1987 med 4.18 er begge sigrar av eks. proffen Bo Andre Namtvedt.

Gode plasseringar

Jens Petter Kjelsnes og Rune Horgen sykla begge inn på sterke 5.22.00. Lise Grønbukt fekk ei god plassering ødelagt av tekniske problem, men kom likevel inn på solide 5.44.00, noko som holdt til ein fin femteplass i si klasse. Terje Standal og Geir Dysvik gjorde også ein god innsats i det flotte vêret langs den fantastiske flotte, men tøffe løypetraseen. Det var totalt 1107 deltakarar med på det tradisjonsrike rittet.

Mikael Johansen er også påmeld til "Den Store Styrkeprøven" Trondheim-Oslo, og skal saman med Dagmund Ramsdal sykle med Ekspressgruppa til BergenCk. Så her kan det bli fleire gode resultat for FloraCK framover. Også Jens Petter Kjelsnes, Rune Horgen og Lise Grønbukt har også rapportert Trondheim – Oslo deltaking der dei raud blå Florø CK draktene blir å få med seg langs E6 sørover.

Artikkeltags