Ser nye «florøprodukt»

TALENT: 14 år gamle Adrian Kinnunen er på veg mot landstoppen i si aldersklasse både i lengde og på 100 meter, og skal delta på ungdomsstemnet.

TALENT: 14 år gamle Adrian Kinnunen er på veg mot landstoppen i si aldersklasse både i lengde og på 100 meter, og skal delta på ungdomsstemnet.

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Både i sprint og i lengde har Florø nye og spennande namn på gang. Nokre av dei kan du sjå som forrett til friidrettsfestivalen.

DEL

– Det hender eg ser ungdom spele handball, fotball eller andre lagidrettar, og eg tar meg i å tenke at der – der er eit verkeleg friidrettstalent, seier Thor Kjerpeset med eit smil.

Slik beskriv han det faktum at friidretten i kystbyen har plass til fleire ungdommar enn kva dei rår over i dag.

Fleire på gang

Eg håpar publikum kjem til festivalen litt tidlegare, slik at dei også kan vere med å heie fram ungdommane

Thor Kjerpeset, trenar i FT&IF

– Vi har tøff konkurranse, og særleg frå lagidrettane. Det ligg i sakas natur at ungdom i denne alderen gjerne ønskjer å gjere det same som kompisar eller klassekameratar, slår han fast.

Men stoda er langt frå kritisk. Fleire unge er på gang, og ein av dei er 14 år gamle Adrian Kinnunen, som deltek både på 100 meter og i lengde under ungdomsstemnet.

– Adrian er no inne blant dei fem beste i si årsklasse i landet, både i lengde og på 100 meter, fortel Kjerpeset.

Og ungguten er også i form. Sist helg, under eit stemne på Byrkjelo, hoppa Kinnunen 5.49 i lengdegropa.

Mange om beinet

Eit anna namn å merke seg er 16 år gamle Eirik Klokkernes. Han satsar no både på 100 og 200 meter, og varmar opp til ungdomsstemnet på friidrettsfestivalen ved å springe under Framoleikane førstkomande helg.

Det blir også noko deltaking utanfrå under årets ungdomsstemne, men kva utøvarar som kjem, er førebels ikkje klart.

– Det skjer mykje rundtom i landet denne helga, og vi er i skarp konkurranse med andre arrangørar. Vi har også avgrensa årets stemne til sprintøvingar og lengde, og det er fordi stemnet går så tett opp mot sjølve friidrettsfestivalen, forklarar Thor Kjerpeset.

Ungdomsstemnet startar presis klokka 12.

– Eg håpar publikum stiller opp litt før hovudstemnet, slik at også ungdommane får publikum som kan løfte fram dei gode resultata, seier han.

Artikkeltags