Stimen fargar jugendbyen svart og blå

Marion Svarstad og Ida Therese Redal Ellingsund utanfor hovudkvarteret til Stimen denne helga.

Marion Svarstad og Ida Therese Redal Ellingsund utanfor hovudkvarteret til Stimen denne helga. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ÅLESUND: Kring 200 frå Stimen er på plass i sunnmørshovudstaden.

DEL

Stemninga blant florøsupporterane er på topp før kampen mot Aalesund søndag. Vaktene på stadion melder at dei venta 200 ivrige florøsupporterar på bortetribuna.

– Heile helga og fram til kampstart har puben Toldboden vore full i blå- og svartkledde, og stemninga er fantastisk, seier Merete Melstveit i ei melding til Firdaposten.

Og ho legg til:

–  Ålesund har vist seg frå si beste side denne helga, og på puben to timar før kampstart kan vi melde om kring ti ålesundsupporterar midt blant dei blåkledde. Om dette er det Ålesund har å by på, er det vel ingen tvil om at Florø iallefall er vinnarar før kampen, seier ho.

Artikkeltags