Florø-syklist til topps i veteran-NM

NORGESMEISTER: Geir Kristiansen (i midten) frå Florø CK på sigerspallen etter NM-gullet.

NORGESMEISTER: Geir Kristiansen (i midten) frå Florø CK på sigerspallen etter NM-gullet. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Geir Kristiansen overraska seg sjølv då han gjekk heilt til topps under veteran-NM i Halden i helga.

DEL

Det var fellesstarten laurdag som var det store målet for Geir Kristiansen under veteran-NM. Det gåg godt til rette, for nnspurten med ein lang slak oppoverbakke var som skapt for den bakkesterke Florø-syklisten.

Farleg

- Eg valgte å trekte meg litt tilbake før vi kom så langt. Køyringa ned ein bratt bakke som enda i 90 graders sving med vegtrafikk i den eine vegbana var uvettig og farleg, og eg hadde no lyst til å komme heim igjen i eit stykke, fortel han. Dermed enda det med ein likevel sterk, men for Kristiansen litt skuffande, 7. plass i 45 - 49 årsklassa.

Kontroll

Men på den 21 kilometer lange tempokonkurransen dagen etterpå var det ingen tvil. - Eg fekk tidleg los på han som starta føre meg, og det er ein tradisjonelt sett sterk temposyklist så eg visste at eg låg godt an ettersom eg tok inn på han jamnt og trutt. Det gjekk oppover og nedover bakke heile tida. Det var knapt nok nokre flate parti undervegs. Men det passa meg bra, for då fekk eg utnytte det eg er best på. I mål var eg eit halvt minutt føre nestemann, så det var nesten utklassing. Og sigeren smakte ekstra godt etter den litt skuffande plasseringa på fellesstarten, smilar han nøgd.

Turritt

Totalt var det berre to syklistar som noterte seg for sterkare tider enn Kristiansen, som sykla den knallharde løypa på 28,04. Aller raskast var sogningen Lars Erik Sannebro, så fylket markerte seg godt i Halden. Kristiansen kvilar ikkje lenge på laurbæra, for allereie neste helg ventar deltaking på det 14 mil tøffe Sognefjellsrittet.

Artikkeltags