Trekkplaster på plass

TIL FLORØ: Ezinne Okparaebo kjem til favorittbana si Florø i år.

TIL FLORØ: Ezinne Okparaebo kjem til favorittbana si Florø i år.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Dei er dei raskaste i Norge gjennom tidene. No er dei begge signert til friidrettsfestivalen i Florø.

DEL

– Det er klart det er viktig for oss som arrangerer friidrettsstemne å få dei to største kanonene på plakaten, seier stemneleiar Rune Osa.
Ezinne og Jays har begge levert rekordresultat i Kystbyen tidlegare.
Den ståande 200 meter rekorden til Ezinne er frå Florø Stadion 2. juni i 2012. Jays sin bestenotering innandørs er ifrå Florø i fjor.
Jays gjorde også eit historisk 100 meter løp sist då han vart klokka inn på 9.95 på 100 meteren på stadion. Dette var fire hundredelar under sin eigen norske 100 meter rekord. Men dagen etter kom ein lei kontrabeskjed om at rekordløpet vart underkjent då vindmålaren stod skeivt.

Den tabba kjem dei ikkje til å gjere igjen i Florø. Men det dei kjem til å halde fram med er å legge til rette for rekordtider slik at dei snur løpsretninga etter vinden. Dette meiner Osa er grunnlaget for at utøvarane vel å komme til Florø gong på gong.
Trenaren til Jays, Olay Tveitå, skryt av Florø Friidrettsfestival og meiner vektlegginga dei gjer for å gjere det triveleg og legge til rette for det sosiale, er noko utøvarane ikkje er så vande med, men som dei set stor pris på. Han meiner Jays sitt forhold til Florø er nærast eit kjærleiksforhold å rekne.

Ti-kjemparen og stortalentet Karsten Warholm er meldt, og skal gjere eit forsøk på 400 meter rekorden til Quincy Douglas på 46.11 i år.
– Han hadde 46.31 i Florø i fjor, så eg ville sett pengar på ny 400 meter rekord i Florø 6. juni, avsluttar Rune Osa.

Artikkeltags