Onsdag opnar overgangsvindauget. Med 12 mål på 15 kampar jaktar han nye angriparar.

Florø-trenaren Terje Rognsø håpar på at han skal få inn forsterkningar i angrepet før haustsesongen.

Florø-trenaren Terje Rognsø håpar på at han skal få inn forsterkningar i angrepet før haustsesongen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FOTBALL: Florø leitar framleis etter nye spelarar å fylle stallen med når overgangsvindauget opnar onsdag. Angrepet er spesielt prioritert.

DEL

– Vi leitar etter angrepsspelarar. I slike periodar som dette er det mykje snakk med både agentar og spelarar, vi har hatt nokre på trening men det er lite spesifikt å komme med, seier Florø-trenaren til Firda.

Florø har allereie henta forsterkningar i sommar, då dei henta venstrekanten Otar «Java» Javashvili frå Georgia 5. juli. No er dei altså på jakt etter fleire.

Tøff vårsesong

Florø har i vårsesongen slite i den nedre halvdelen av bana. På 15 kampar står florøværingane med fattige 12 mål. Rognsø håpar at nye signeringar i angrepet kan gi dei ny driv og hjelpe Florø i nedrykkskampen. Etter vårsesongen ligg Florø på siste plass på tabellen. Poengfangsten har vore dårleg, dei har berre 11 poeng i ligaen.

Ein liten opptur kom derimot mot slutten av vårsesongen, då florøværingane fekk to sigrar på rad. Dei kom mot nedrykksrival Strømmen og Jerv som ligg på 8.-plass. Florø avslutta vårsesongen med 1–2 tap mot rivalen Sogndal på heimebane.

Viktig spelar tilbake frå skade

Årets vårsesong har også blitt mykje overskygga av skader for laget frå Noregs vestlegaste by. 25. april hadde Florø heile åtte A-lagsspelarar ute med skade.

I ein allereie smal stall har vårens mange skadar vore tøft for florøværingane. No kan Rognsø derimot fortelje at Patrik Johannesen er tilbake etter eit lengre skadeavbrekk.

– Patrik er på veg tilbake no, det er veldig kjekt. Spesielt når det ser ut som Kristoffer Ryland kjem til å vere ute resten av sesongen. Det blir nærmast som å få ein ny spelar i angrep.

Johannesen frå Færøyane vart skada under eit innhopp på spissplass mot Aalesund i vår. Han fekk då ei meniskskade som har følgt han heilt fram til no.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken