Runar berga fortet

MÅLET: Her sikrar Runar Hove 2–2 og poengdeling.

MÅLET: Her sikrar Runar Hove 2–2 og poengdeling.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det såg ut til at Florø skule gå på sitt første heimetap i 2015. Så hoppa Runar.

DEL

Det er nok ikkje mange spelarar i 2. divisjon som slår Runar Hove i ein hodeduell. I fjor var han dessutan av dei mest målfarlege i Florø Fotball med sju mål. Meir enn respektabelt for ein midtstoppar.

Så når Christer Husa såg Runar Hove rykke på første stolpe var den kalibrerte venstrefoten klar. Foten til Husa hadde allereie notert seg for eit mål i kampen. Denne gongen var den stilt inn på assist. Hove gjorde ingen feil og stanga inn utlikninga.

Viktig

– Det var herleg. Det er viktig for oss å ikkje tape på heimebane. Og Kongsvinger er nok det beste laget vi har møtt i år, så ja godt å sikre poenget på slutten, seier Hove. Det var også første kampen han har spelt sidan starten på mai. Då fall han ned i ei elv i Klauvene der han jaktar. Resultatet var ei knust kneskål. Og det var dessutan på grensa at han kunne spele laurdag.

– Det er vondt, men eg spelte ein omgang med andrelaget mot Kristiansund sist helg og kjende meg klar, seier han på telefon medan han er på veg til fysioterapeuten i Bergen.

Hove er lærling hos FMC og trenar dagleg med Sotra i toppen av 3. divisjon. Han kjem til å bli i Bergen dei neste tre åra. Men han ønsker å spele for Florø.

– Vi har absolutt noko på gang. Om kjernen i laget no er med vidare kan vi kjempe om opprykk neste år. Det vil eg vere med på, slår han fast og meiner at det er verdt å reise på kamp kvar helg.

– Florø først

Hove er ein spelar med sterke kvalitetar som har vore i lupa til større klubbar. Men det brukar han ikkje ressursar på.

– Eg vil spele med Florø og gjer vi det godt kan alt skje, seier han. Han tek fotballen seriøst og rapportane frå lagkameratane er at dei nye spelarane som har komme inn har god kvalitet. Og til helga møter dei Førde borte.

Kampfakta

Florø–Kongsvinger 2–2 (1–0)

Florø Stadion

Mål: 1–0 Christer Husa (43. min), 1–1 Magnus Solum (58. min) 1–2 Mats Cato Moldskred (66. min), Runar Hove (83. min)

Gule kort: Anders Sørensen, Runar Hove, Erlend Hove, Halvor Solheim-Olsen–alle Florø. Dommar: Marius Hansen Grøtta frå Gneist IL.

1 Kongsvinger 43

2 Elverum 28

3 HamKam 27

4 Nardo 27

5 Florø 25

6 Førde 24

7 Stjørdals-Blink 24

8 Brumunddal 23

9 Strindheim 22

10 Molde 2 18

11 Træff 17

12 Rødde 16

13 Byåsen 16

14 Aalesund 2 13

Artikkeltags