På dette er Runar Hove best av dei beste i Norge

JUBEL: Etter Florø sin sterke 3-2-siger over Sogndal på søndag kunne Simen Reksten Solheim (t.v.), Runar Hove og Lars Martin Kvarekvål juble. Hove scora i denne kampen to mål, noko som betyr at han har scora 15 mål sidan 2016. Det er fleire enn alle andre forsvarsspelarar.

JUBEL: Etter Florø sin sterke 3-2-siger over Sogndal på søndag kunne Simen Reksten Solheim (t.v.), Runar Hove og Lars Martin Kvarekvål juble. Hove scora i denne kampen to mål, noko som betyr at han har scora 15 mål sidan 2016. Det er fleire enn alle andre forsvarsspelarar. Foto:

FOTBALL: Ingen forsvarsspelar i dei tre øvste divisjonane i Norge har scora fleire mål enn Runar Hove (23) sidan opprykkseventyret til Florø starta i 2016.

DEL

I Florø sin opprykkssesong frå 2. divisjon i 2016 stonga Runar Hove inn sju mål. I debutsesongen i 1. divisjon i fjor vart det seks nye scoringar.

Og med hans to seinaste mål, då han vart den store helten i Florø sin 3-2-siger over Sogndal søndag, står Hove med 15 mål sidan starten av 2016.

Ingen andre forsvarsspelarar i dei tre øvste divisjonane i Norge har scora like mange mål i den same tidsperioden.

– Så kjekt då! Det er sjølvsagt kult, seier Runar Hove til Firda om den imponerande statistikken.

Meiner sjølv han burde scora fleire mål

Og like imponerande er at av desse 15 scoringane har 14 av dei vore med den same kroppsdelen! Nemleg hovudet.

– Eg er jo litt høgare enn alle andre. Og vi har ein plan på hjørnespark og dødball som fungerer. Eg trur nok det er der det ligg. Men eg kan ikkje røpe alle hemmelegheitene, seier Hove og flirer.

Saka held fram under.

Runar Hove (i midten) scora 2-1 mot Sogndal. Peter Aase til venstre og Luc Jeggo til høgre. Sogndal-Florø 2-3. Fotball.

Runar Hove (i midten) scora 2-1 mot Sogndal. Peter Aase til venstre og Luc Jeggo til høgre. Sogndal-Florø 2-3. Fotball. Foto:

Statistikk er derimot ikkje hemmeleg, og den er svært imponerande for ein spelar som først og fremst har som jobb å hindre motstandarlaget å score.

– Viss innlegga vert slått dit dei skal, så veit eg at det vert store målsjansar. I fjor var det heilt ekstremt, og då burde eg hatt tosifra tal scoringar. Det var dårleg av meg, seier den målfarlege forsvarsspelaren sjølvkritisk.

Ifølge NIFS (norsk internasjonal fotballstatistikk) er Daniel Berntsen den nærmaste på lista. Han har scora 13 mål for Stavanger-klubben Vidar i denne perioden, alle i 2. divisjon. Om ein går opp eitt og to hakk finn vi Florø-konkurrenten Jerv sin midtstoppar Glenn Andersen, og eliteserieklubben Odd sin Espen Ruud.

Begge desse forsvarsspelarane har scora elleve mål kvar sidan 2016.

Trenaren: – Ikkje overraska

Aalesund-spelar Ståle Steen Sæthre, som også har spelt på Førde, har scora fire mål fleire enn Hove i den omtala perioden, men berre ti av dei har vore som forsvarsspelar for Nest-Sotra og Aalesund. Det same gjeld Bryne sin Bjarne Langeland. Han har scora 16 mål i 2. divisjon sidan 2016, men heller ikkje alle desse som forsvarsspelar.

– Statistikken er jo endå litt tøffare og spesiell med tanke på sesongen i år, seier Hove, og siktar til at skader har gjort at han ikkje har spelt så altfor mykje.

På Florø sine 20 seriekampar i år har Hove berre vore på bana i seks av dei.

– Runar mista slutten av sesongen i fjor og har berre spelt seks kampar i år, seier Florø-trenar Terje Rognsø, som seier han likevel ikkje er overraska over tala.

– Alle måla har vore etter dødballar, og vi er bevisst på å sette han opp i scoringsmoglegheiter. Viss alle gjer jobben sin, både dei som server og dei som har blokkjobbar i feltet, så får han store sjansar, forklarer Rognsø.

Hove fortel at han merkar at motstandarane no begynner å bli oppmerksam på han.

– Eg merka det godt på andre delen av sesongen i fjor, då var det mykje vanskelegare. Også i år, det er alltid to mann på meg. Då blir det vanskelegare for meg, men det opnar opp for andre, seier Hove.

Saka held fram under.

Florø-trenar Terje Rognsø. Sogndal-Florø 2-3. Fotball.

Florø-trenar Terje Rognsø. Sogndal-Florø 2-3. Fotball. Foto:

Satsar mot eliteserien

Held Hove fram i same sporet, vert han fort ein attraktiv mann for større klubbar.

– Eg har planar om å ta steget, og det trur eg at eg har god moglegheit til å gjere om eg held fram slik som dei to siste sesongane. Eg har eit mål om å komme meg opp i eliteserien, slår Hove fast.

Etter Sogndal-kampen sist søndag sa Terje Rognsø til Firda at han er blant dei beste midtstopparane i 1. divisjon.

– Eg står fast ved det eg har sagt tidlegare. Det er synd for oss at han har vore mykje skada, og det er synd for han. Runar er ein god spelar, seier Florø-trenaren.

Florø ligg på 14.-plass i 1. divisjon med ti kampar att. På søndag får dei besøk av HamKam.

Artikkeltags