– Florø Fotball treng deg!

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– Vi i Florø Fotball er svært avhengige av å få med oss fleire frivillige.

Det seier presseansvarleg Knut Anders Langlo ein månad før Obos-ligaen blir sparka i gang.

– Vi treng mange frivillige til å hjelpe oss med alle dei ulike oppgåvene som blir stilt for å kunne avvikle kampar i toppfotballen, frå vakthald til kiosk og parkering. Vi ønskjer difor at alle som har høve til det og som ønsker å bidra til at Florø Fotball og byen vår skal framstå som ein fantastisk kamparrangør, kan melde seg på som mannskap, strekar Langlo under.

Onsdag 8. mars arrangerer Florø Fotball rekrutteringsmøte på Florø idretssenter klokka 18.00.

Artikkeltags