Dei skal få desse opp på toppnivå

Trenarseminaret Drømmetrenaren vart i helga arrangert av Florø fotball. Det er berre eit av fleire seminar organisert av NFF Sunnmøre og NFF Sogn og Fjordane.

Trenarseminaret Drømmetrenaren vart i helga arrangert av Florø fotball. Det er berre eit av fleire seminar organisert av NFF Sunnmøre og NFF Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Ein av grunnane til at Florø var vertskap var for å fortelje om vegen dit, fortel Jan Ravnestad om trenarseminaret «Drømmetreneren».

DEL

NFF Sogn og Fjordane og NFF Sunnmøre arrangerte i helga trenarseminaret «Drømmetreneren» i Florø. Det er eit av fleire seminar under prosjektfana, og i helga var vertskapet Florø Fotball. «Drømmetreneren» er eit utviklingstilbod for trenarar i barne- og ungdomsfotballen som har som mål å utvikle og inspirere. Det starta opp i NFF Sunnmøre i 2013, og i fjor slo NFF Sogn og Fjordane seg med.

– Det er viktig for å rekruttere folk som kan ta seg av den frivillige idretten. Det er til inspirasjon, for at folk skal møtast, sjå fotball, snakke fotball og gi kvarandre idear, seier Jan Ravnestad i Florø Fotball.

Vil høyre historia til Florø

Jan Ravnestad fortel at den nyvunne statusen til Florø fotball er grunnen til at seminaret vart lagt hit. Laurdagen vart opna med at florøtrenar Terje Rognsø haldt foredrag om korleis han gjennom sine år som trenar har jobba med spelarane.

(Artikkelen held fram under bildet)

Jan Ravnestad i Florø Fotball.

Jan Ravnestad i Florø Fotball. Foto:

– Florø har blitt ein toppklubb. Ein av grunnane til at Florø vart vertskap var for å fortelje om vegen dit, fortel Jan Ravnestad.

Det er ei historie om iherdig innsats, målretta hardt arbeid over tid og fleire dugnadstimar enn ein kan telje.

– Vi er i ein ny situasjon no der fleire klubbar og krinsar vil komme til Florø for å sjå og for å lære. Ein kan seie at Florø er i OBOS-ligaen meir trass i enn på grunn av. Dei andre trenarane får høyre vår historie om korleis vi har klart det, fortel Ravnestad.

– Det er heilt naturleg å komme til Florø som er den klubben som har prestert best i dei siste åra, både med tanke på spelarutvikling og med utviklinga av eit A-lag, seier prosjektleiar for Drømmetreneren, trenarutviklar og barnefotballansvarleg i Sogn og Fjordane fotballkrins Marius Kloster. Han er og guttelagstrenar, spelarutviklar og trenarrettleiar i Sogndal Fotball.

(Artikkelen held fram under bildet)

Marius Kloster frå NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball.

Marius Kloster frå NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball. Foto:

Det er 15 forskjellige klubbar representert i prosjektet og 60 trenarar. Av desse var 50 i Florø. Seminar var organisert med foredrag, samt praktiske økter med keepertrening og trening retta mot barne- og ungdomsfotball. Søndag var det foredrag med Bodø/Glimt-trenar Ørjan Berg.

– Det er ei kanonfin anledning til å bygge framtidas fotball. Dette er trenarar vi ønsker skal vere med å påverke fylkesfotballen i stor grad i tida framover, seier Marius Kloster.

Vil ha dei yngre med

– Dei fleste trenarane i barne- og ungdomsfotballen er begynt å dra litt på åra. Vi må få inn yngre trenarar mellom tjue og tretti år. Både Sunnmøre og Sogn og Fjordane står ovanfor dei same utfordringane med fråflytting i denne aldersgruppa. Om dei kjem attende er det som barnefamiliar med travle timeplanar, seier han.

Sportsleg utviklingsleiar i Sunnmøre fotballkrets, Ronny Ødegård, seier at målet er å hente idear frå andre klubbar, for så å sjå om ein kan ta det med seg vidare.

– Å høyre på Terje Rognsø, som er ein person det ikkje finst andre i Norge, gir inspirasjon og motivasjon. Det er klart at eit opplegg som fungerer her ikkje nødvendigvis vil fungere andre plassar, men det kan gi inspirasjon til andre. Litt av meininga med prosjektet er at det ikkje finst noko fasit på noko. Det er ulike måtar å gjennomføre ting på og her skal vi lære av kvarandre på kryss og tvers, seier Ødegård.

Sportsleg utviklingsleiar i SFF Sunnmøre Ronny Ødegård.

Sportsleg utviklingsleiar i SFF Sunnmøre Ronny Ødegård. Foto:

Trenarsamling: 50 trenarar var i Florø i helga for å bli betre.

Trenarsamling: 50 trenarar var i Florø i helga for å bli betre. Foto:

Artikkeltags