Erlend Hove, Florø sin klart beste spelar så langt i sesongen, når ikkje eit innlegg på bakarste stolpe med hovudet. I rein refleks brukar han knyttneven slik at ballen duppar i mål. Linjedommaren ser det og etter ein prat med dommaren dømmer han gult kort. Det var på sett og vis likt "Guds hand" som Diego Maradona drog nytte av i hodeduell med den engelske keeperen i VM i 1986. Då fekk ikkje dommarane med seg viljehandsen.  

I garderoben

No hadde Erlend Hove gult frå før i kampen og vart difor sendt i garderoben med raudt kort. Det var sterke protestar frå Florøbenken, men linjedommar Vegard Yndestad frå Eikefjord gjorde heilt rett. Hove på si side meinte ballen var over sidelinja, men nådde ikkje fram med spontan-argumentet sitt.

No er karantener ein del av gamet, og alle som spelar mykje må på eit eller anna tidspunkt sone for gule kort. Men stallen til Florø Fotball er relativt tynn. Kristoffer Ryland, Simen Reksten Solheim, Luc Jeggo og Tord Hovden som kunne dekka holet etter Hove laurdag, er alle ute med skade.

- Kunne tapt kampen

– Det er hodelaust å gjere slikt når du har gult frå før, seier trenar Terje Rognsø som må klare seg utan midtbanekrigaren i bortekampen mot Vålerenga 2 i Valhall søndag 15.30. No er Rognsø i gang med å komponere ein startellevar som kan kapre alle poenga i Valhall. På minussida er skade- og suspensjons-ståa i klubben per no. Men på den andre sida er Vålerenga 2 i ein bølgedal. Dei to tapa dei har hatt til no i år har kome i dei to siste kampane mot Fyllingsdalen og mot Lørenskog. Florø på si side har gjort reint bort på bortebane i år.     

Hove er tilbake til neste heimekamp mot Vidar 18. juni.