Kompisgjengen tok turen frå Eid for å få med seg debuten til nysigneringa

DEBUT: Torbjørn Aabrekk fekk sin debut for Florø i sigeren mot Kongsvinger. Men han var ikkje heilt nøgd å ikkje score mål i første kamp.

DEBUT: Torbjørn Aabrekk fekk sin debut for Florø i sigeren mot Kongsvinger. Men han var ikkje heilt nøgd å ikkje score mål i første kamp. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Torbjørn Aabrekk fekk sine første minutt for Florø då Vegar Gjermundstad vart matchvinnar.

DEL

Kompisgjengen hadde reist heile vegen frå Eid for å få med seg Aabrekk sin debut for Florø. Spissen synest det var kjekt med ekstra kjentfolk på tribunen.

– Det var kjekt å sjå dei på tribunen, men det var 1500 andre på tribunen og. Det er fin klubb og fin gjeng eg har komme til. No håper eg berre eg får fleire minuttar framover. Det er godt å komme i gong, fortel Torbjørn Aabrekk til Firda etter kampen.

Og debuten kunne blitt endå betre for spelaren frå Eid.

– Det var litt surt. Eg hadde sett føre meg å score i debuten, men motspelaren fekk hovudet akkurat framfor meg. Men så er ikkje eg kjent for å vere noko sterk hodespelar, seier Aabrekk.

Terje Rognsø var nøgd med innhoppet til nysigneringa.

– Han kom tidleg inn som spiss, men så måtte vi flytte han ned på kant etter nokre skadeproblem. Så då blir det ein del springing. Han har komme inn i ein gjeng som spring sokkane av seg. Vi skal gje han tid og han er ein fantastisk avsluttar som kjem til å få fleire moglegheiter. Det hadde nesten vore for godt til å vere sant om han scora i dag, fortel Florø-trenaren til Firda.

TOK TUREN: Kompisane frå Eid hadde tatt turen for å få med seg debuten til Aabrekk. Dei var ivrige på å ta bilete av Florø-spelaren.

TOK TUREN: Kompisane frå Eid hadde tatt turen for å få med seg debuten til Aabrekk. Dei var ivrige på å ta bilete av Florø-spelaren. Foto:

Gjermundstad: – No takla vi den delen av spelet og

Kaptein Vegar Gjermundstad ville ikkje ha den krigen dei fekk i andre omgang.

– Vi blir litt låge i andre omgang og det er ikkje det vi ønska eller er best på. No taklar vi den biten også, og det er ein del av å spele i OBOS-ligaen. Vi må kjempe for alle poenga. Ekstra herleg at vi klarer å halde nullen i dag også. Det er ikkje kvar gong, seier Florø-kapteinen.

Gjermundstad vart matchvinnar då han var best i lufta på eit hjørnespark. Men det var ikkje heilt planlagt at kapteinen skulle stå der han stod.

– Vi har eigentleg eit anna opplegg på hjørnespark og så kom eg der eg ikkje skulle. Men eg var der ballen kom og fekk heada den i mål. Alltid kjekt å kunne bidra den vegen òg, fortel Vegar Gjermundstad.

6 av 6: Terje Rognsø og matchvinner Vegar Gjermundstad var nøgde med å halde fram seiersrekka mot Kongsvinger.

6 av 6: Terje Rognsø og matchvinner Vegar Gjermundstad var nøgde med å halde fram seiersrekka mot Kongsvinger. Foto:

Seks strake

Florø har no seks strake sigrar på rad og Rognsø er overraska sjølv.

– Vi hadde ei slik sigersrekke i fjor då vi vann 13 på rad, men at vi skal klare det i dag i OBOS-ligaen er eg overraska over. Vi ser det ofte er tette og jamne kampar, men vi har jobba mykje med det defensive heile veka. Det er det som gjer at vi får med oss poeng, for vi veit at vi er farlege framover. Kjekt at vi klarer å halde nullen i dag, fortel Rognsø.

Dette er også første gong Florø vinn mot Kongsvinger.

– Det er herleg å få den på plass og. Vi er i flytsona og eg trur det avgjorde kampen i dag, seier Terje Rognsø.

No ventar 8.-delsfinale i cupen for Florø. Då ventar reising nordover for eit møte med eliteserielaget Kristiansund.

kampfakta

Florø - Kongsvinger 1-0 (1-0)

1-0 Vegar Gjermundstad (45. min)

Gule kort: Christopher Lindquist, Luc Jeggo.

Florø stilte med følgande mannskap:

Nicklas Frenderup

Christopher Lindquist - Runar Hove - Vegar Gjermundstad - Christer Husa

Stefan Aase (Oliver Rotihaug 81. min) - Luc Jeggo - Peter Aase

Alioune Badou Ndour (Halvor Solheim-Olsen 68. min)- Endre Kupen (Torbjørn Aabrekk 77. min)  - Monir Benmoussa

Artikkeltags