Opprykkskamp avlyst fordi Florø ikkje kan stille lag: - Vi har prøvd å skrape saman spelarar

Harald Gjervik.

Harald Gjervik. Foto:

DEL

Florø 2 greier ikkje å stille lag framfor det som skulle ha vore opprykkskampen i 4. divisjon i dag, søndag, skriv Fjøra FK på si Facebook-side.

I utgangspunktet ba Florø om å få flytta kampen til søndag. Det gav Fjøra klarsignal til. Men seint laurdag kom meldinga om at Florø likevel ikkje stiller til kamp søndag.

Harald Gjervik i Florø Fotball seier grunnen til det er at dei har eitt lag i Sandefjord og eitt i Obos-kamp i Florø søndag.

- Vi har hatt ein dialog med Fjøra lenge om at kampen skulle spelast ut i veka, men så fekk vi beskjed førre helg om at det ikkje var aktuelt likevel, opplyser han.

Han seier dei har prøvd å få det til.

- Vi har prøvd å skrape saman spelararar denne veka, men Fjøra er trass alt eit topplag i 4.divisjon og ikkje noko gutelag, vi kan ikkje sette inn kven som helst. Vi har prøvd å hente inn spelarar som har gitt seg og frå 6. divisjon, men det er vanskeleg å rekruttere slike som ikkje er med til vanleg. Ein må ha spelarar som er med å trene til vanleg, mot eit slikt lag.

Før kampen, som no altså ikkje blir spelt, mangla Fjøra to poeng på å vinne 4. divisjon. No, utan den siste kampen, er det berre å slå fast at Fjøra er seriemeister.

Artikkeltags