Slett ikkje skremt av nivået

Brattvåg-Florø 2

Brattvåg-Florø 2

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

BRATTVÅG: Stillinga var 2–2 midt i 2. omgang, men Florø 2 våga for mykje og tapte kampen på ei sein kontring.

DEL

Det vart ein tøff serieopning for Florø sitt andrelag laurdag. Brattvåg hadde opprykksambisjonar i fjor, men ei tøff trønderavdeling med suverene Strindheim i front gjorde til at Sunnmøringane måtte ta nok eit år i 3. divisjon.
Sidan 3. divisjon startar helga før 2. divisjon måtte trenar Terje Rognsø ta omsyn til ein regel som seier at ingen på 2. laget kan spele for førstelaget mot Nardo på Florø stadion til helga. Difor var det eit reint 2. lag som mønstra på Brattvåg stadion i serieopninga laurdag.
Men sjølv med sju debutantar i 3. divisjon, eit alderssnitt på 19 år mot eit meir rutinert og langt meir fysisk Brattvåg-lag, så vaks sjølvtilliten.
"Vi vart for naive og satsa for mykje offensivt. Det straffa seg.
Knut Anders Langlo
Trenar Florø 2
– Brattvåg er best dei første 30 minutta, deretter kjem vi inn i kampen, fortel trenar Knut Anders Langlo.
For etter om lag ein halvtime hadde heimelaget netta to gongar og gått i leiinga 2–0. Ein tøff start, men med ein solid Geir Stenehjem i Florøburet får ikkje heimelaget punktert kampen. Vegard Dyrstad opnar dessutan målkontoen for Florø 2 etter 38 minutt på straffe.

2–1 til pause

Florø ligg under 2–1 til pause. Utover i andreomgangen pressar heimelaget på og har fleire forsøk til 3–1 men etter 69 minutt er det Florø og Ntege Kone som får målet.
No er det balanse i rekneskapen og Florø pressar på for å komme i leiing. Dette skulle straffe seg.

Personlege feil

– Utover i 2. omgang er vi jamgode med Brattvåg. Dessverre blir vi litt naive og satsar for mykje offensivt. Eit balltap gir oss ei kontring imot som endar med mål og tap. I dag var det rett og slett for mange personlege feil.
– Vi er ikkje kyniske nok. på 2–2 ville vi vinne kampen, og det er litt Florøfotball, men her kunne vi gjort meir for å sikre. Vi har sju spelarar som debuterer på nivået, og om Brattvåg vil ligge i toppen er eg ikkje uroa i det heile tatt, seier Langlo.
Han meiner dette lovar godt for sesongen vidare.

Vil rykke opp

– Målsettinga vår er å kjempe i toppen, men sjølvsagt vil vi jo rykke opp til 2. divisjon, seier trenar Thor Grønmyr i Brattvåg. Han fortel Florø 2 lukkast med å straffe Brattvåg dei gongane dei gjorde feil. Såleis var han nøgd med at dei klarte å sikre sigeren på slutten. Det var fleire enn trenaren som lét seg imponere av unge Florø.
Lagleiar Olav Andre Austbø meinte at Florø 2 blir eit lag å rekne med i 3. divisjon avd. 8.
– Florø har er gode spelarar, ikkje tvil om det. Dei er godt organiserte og har gode ferdigheiter og kjem til å ta mange poeng i år, slo han fast.
Kampfakta 3.div

Artikkeltags