Førdianarane tok Floramila

Dei fire raskaste i kvar si klasse fekk dei største pokalane

Dei fire raskaste i kvar si klasse fekk dei største pokalane Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

På ein fantastisk haustdag på Florø stadion var det to førdianarar som stakk av med sigeren i Floramila 2017

DEL

Det var ein fin dag for springing, og dei nesten 200 påmelde deltakarane til Floramila 2017 såg ut til å ha ein strålande laurdag i solskinet.

Dagen starta ved Haffen, der nær 70 barn hadde meldt seg på Engie barneløp. Mogleg det var konferansier Roald Leivestad som drog opp talet, der han sto med mikrofonen og lova is til alle som melde seg på. I alle høve var det over halvparten av deltakarane som melde seg på ved frammøte. Og kultursjefen held ord. Alle fekk både is og medalje.

Når alle barna var i mål trakk konferansieren opp på Florø stadion, der sjølve den tradisjonsrike 10 kilometeren skulle starte noko seinare. Startskotet gjekk klokka 14. 00, og berre ti minutt seinare vart dei som nøgde seg med 5 kilometer også skyssa i veg. Konkurranseløparar og mosjonistar starta samtidig, men i mål var det sjølvsagt noko skilnad på dei.

Og det var altså førdianarane som stal showet. Først i mål på sjølvaste Floramila var Alexander Ask frå Førde, som representerte Argon 18 Tri Team Norway. Han vann dermed si klasse, 10km menn 30–39 år, og fekk også eit napp i Firdapostens vandrepokal. Ask tok oppvarminga på sykkelsetet, han sykla ut til Florø frå Førde, og var ikkje meir sliten enn at han kom i mål på tida 38, 34. Imponerande.

Blant kvinnene var det Ane Brekke som var raskast over målstreken på mila. Ho representerer Førde IL, og sprang på 43,37. Dermed fekk også ho eit napp i Firdapostens vandrepokal.

Annette Hollevik var nøgd med prestasjonen. Og pokalane.

Annette Hollevik var nøgd med prestasjonen. Og pokalane. Foto:

På den korte distansen var det Annette Hollevik og Odd Rognebakke, frå høvesvis Florø CK og Naustdal, som fekk dei beste tidene og dei største pokalane. Hollevik løp fem kilometeren på 22.49, medan Rognebakke var inne på 18.35.

Resultatlistene finn du her:

10km kvinner 17-29 år

1 Brekke Ane Førde IL - Friidrett                               43:37

2 Nilsen Karen FLORØ                                              48:35

3 Skjeggenes Siri Spenst Førde                                51:38

10km kvinner 30-39 år

1 Krupa Monika FLORØ                                            52:02 

2 Bjørkaas Kjersti Klubben Furuhaugane Barnehage  54:58

3 Berentzen Kristine FLORØ                                      56:20

4 Aase Jeanette Kjellevold FLORØ                             59:03

10km kvinner 50-59 år

1 Selås Ingunn Florø Tog IF                                      53:19

2 Bjarkøy Trine FLORØ                                             56:26

10km menn 17-29 år

1 Knutsen Mads Conocophillips                                 38:47

2 Grotle Anders Olai FLORØ                                      48:33

3 Øen Henrik Naprapatsenteret Førde                      54:13

10km menn 30-39 år

1 Ask Alexander Argon 18 Tri Team Norway             38:34

2 Bjørbæk Lars Florø Tog IF                                     44:09

10km menn 40-49 år

1 Nygård Geir Førde IL - Friidrett                              41:10

2 Alvær Stian Vallestad Førde IL - Friidrett / Atea       42:53

3 Høyset Andre Eikefjord IL                                      47:47

4 Nordtveit Øyvind FLORØ                                       52:54

5 Dypevik Rune FLORØ                                            54:13

6 Svardal Børge SFE                                                 54:37

10km menn 50-59 år

1 Solheim Jan Arve Florø Tog IF                                40:06

2 Wefring Trond Florø                                              46:32

3 Terøy Olav STAVANG                                             48:35

4 Ramsdal Otto Svein Flora CK                                  52:23

5 Dzelatic Emsud Flora CK                                         52:54

6 Horgen Rune Flora Ck                                            54:03

7 Ask Roald Naprapatsenteret Førde                       1:03:00

10km menn 60-69 år

1 Haugen Inge Asbjørn Hornindal IL                           51:34

2 Kvellestad Kjartan Førde IL - Friidrett / Mentro AS    54:09

3 Trengereid Terje Florø Tog IF                               1:19:36

5km kvinner 12-13 år

1 Brekke Guri Line Førde IL - Friidrett                          24:21

2 Ramsdal Hedda Nes FLORØ                                     26:53

5km kvinner 40-49 år

1 Hollevik Anette Flora Ck                                           22:49

2 Tresnes Ann-Sissel Florø Styrkeløftklubb                  23:32

5km kvinner 50-59 år

1 Nordbotten Anne-Sissel Fjord1                                25:33

5km kvinner 60-69 år

1 Myklebust Magnhild Florø Tog IF                              27:16

2 Reknes Bjørg Florø Tog IF                                       28:24

5km menn 18-22 år

1 Landøy Brian VÆRLANDET                                      19:42

2 Langø Marius Andre FLORØ                                     33:06

5km menn 23-29 år

1 Knudsen Kristian Reinskau Florø Styrkeløftklubb       21:29

5km menn 30-39 år

1 Nødset Hans Erik Eikefjord                                       25:28

5km menn 50-59 år

1 Rognebakke Odd NAUSTDAL                                   18:35

5km menn 60-69 år

1 Reknes Leif Martin Gloppen Friidrettslag                    24:49

5km menn 70-79 år

1 Huus Reidar Florø Tog IF / Ftogif                              27.43

Artikkeltags