Toppscoraren til Tempo trur på ein målrik kamp i kveld

    FOTBALL: Kva fotballag er tredje best i kommunen? Svaret på det får vi i kveld.

    DEL

    Tempo vann seriefinalen mot Eikefjord i fjor, og sjølv om dei takka nei til opprykk vann dei retten til å kalle seg for det tredje beste laget i Flora kommune. Det er ein status dei har lyst til å halde på i dei siste månadene før Flora blir til Kinn, og det blir fleire lag å konkurrere med. Men skal dei klare det bør dei ta tre poeng i kveldens kamp mot Florø 3. Unggutane frå Florø Fotball har nemleg overraska alle, og toppar tabellen, eitt poeng føre Tempo før kveldens kamp.

    Vil vere best

    – Florø 3 har nok eit sterkare lag enn i fjor, eg er spent på kva vi møter i kveld.

    Det seier Thomas Voksøy Bringsvor. Han er den spelaren som har scora mest mål for Tempo i år. Han seier at sjølv om dei takka nei til opprykket i fjor, har dei ambisjonar om å vinne avdelinga i år også. Då må dei forbi Florø 3 på tabellen, og det meiner Bringsvor dei har kapasitet til å gjere.

    – Det er vanskeleg nok å stille lag til bortekampane i 6. divisjon, det hadde berre blitt verre i 5. divisjon med helgekampar, så difor takka vi nei til opprykket. Men vi prøver å vinne i år også, og då må vi slå Florø 3. Vi må nok stille med dei raskaste spelarane våre, og så blir vi nøydd til å trøkke til i duellane. Vi får ta dei på det vi kan. Det har vore scora ein del mål i kampane våre i år, så eg trur det blir ein målrik kamp i kveld.

    Fleire straffemål

    Bringsvær er altså toppscorar for Tempo i år. Ifølge den offisielle statistikken har han sju mål på åtte kampar i år, men ifølge målscoraren sjølv er det to mål for lite. Målet er uansett å halde fram med å score mål framover.

    – Det var ein bortekamp der vi hadde for få drakter med oss, så eg scora to mål med ei anna drakt. Dei er ikkje registrert i statistikken, men eg har ni mål. Hovudårsaka er at eg har tatt ein del straffer i år, i fjor fekk vi jo ikkje straffer. No er målet å nå eit tosifra tal mål før sommarferien, og så får vi ta det derifrå.

    – Du kan jo nå tosifra allereie i kveld?

    – Ja, vi får satse på at vi får eit par straffer i kveld, avsluttar toppscoraren. Kampen mellom Florø 3 og Tempo kan du sjå direkte her på Firdaposten.no klokka 19.00 i kveld.

    Artikkeltags