Fem Svelgarar tok medalje i UM

Tor Inge Øvrebotten (19) tok sølv i høgde under UM i Stangehallen denne helga. Her frå eit innandørsmeisterskap i Florø i november 2002. Allereie då viste han seg som eit stort talent.

Tor Inge Øvrebotten (19) tok sølv i høgde under UM i Stangehallen denne helga. Her frå eit innandørsmeisterskap i Florø i november 2002. Allereie då viste han seg som eit stort talent.

Artikkelen er over 10 år gammel

Sogn og Fjordane tok i alt 13 medaljar i UM. Av desse vart fem tekne av utøvarar frå Svelgen.

DEL

Ingvald Ytrehus mottok kongens fortenestemedalje i Svelgen førre helg. Denne helga fekk vi oppleve kvifor. For når det gjeld friidrett er Svelgen "annleisbygda" i fylket. Av tretten medaljar til fylket under det nasjonale innandørsmeisterskapen i friidrett i Stange denne helga, kom fem av medaljane i frå fem ulike utøvarar i frå miljøet som Ingvald Ytrehus har bygd opp i Svelgen Turn og Idrettsforening.

STIF utøvarane Pål Valberg tok sølv i stavsprang med 3,20 meter i klasse G16 og det same gjorde Ole Martin Gjerde med 2,40 meter i klasse G15.

Tor-Inge Øvrebotten Myrhol slo også til i høgde med eit bestehopp på 1,80 meter i klasse G20-22. Det var godt nok for sølv.

Kim Nes Leirvik (20) var den einaste frå fylket med gull i bagasjen heim til fjordfylket. Han henta heim gull i stavsprang med 4.30 meter. Jørgen Bjørkedal (19) tok sølv i tresteg med 13.04. Dei to er begge svelgarar, men konkurrerar for i Florø Turn og IF.

Florø vart ikkje uventa den beste klubben frå fylket under UM i Stange.

Sjå meir om prestasjonane og intervju med utøvarane i Firdaposten tysdag.

Artikkeltags