Gå til sidens hovedinnhold

Fekk smaken på friidrett

Artikkelen er over 17 år gammel

FLORØ: Synne Våge Jagedal (10) visste ikkje kor flink ho var å springe før ho storma i mål langt føre dei andre jentene under Florameisterskapen onsdag. – No skal eg begynne med friidrett, seier ho.

Då ho hadde venninner i miljøet ønska ho å vere med, og angra ikkje då ho fossa inn på tida 10.20 på 60 meter. Dette var moro, no skal eg trene, seier Synne som ikkje visste at ho var flink å springe før ho deltok på Floraleikane.

Det var strålande sol og vindstille på Florø stadion onsdag den tredje og siste runda i Florameusterskapen i friidrett vart avvikla. Ei perfekt avslutning av arrangementet som har vore ei open friidrettsarena for dei som ville prøve seg. Foreldre sleikte sol og heia på sine håpefulle som i sin tur heldt oppsyn med foreldra på tribunen.

I overkant av 100 deltakarar var med, noko som er 30-40 deltakarar meir enn siste runde i arrangementet i fjor.

– Eg trur kanskje friidretts VM i Paris har inspirert. Uansett er det gledeleg å sjå at så mange stiller opp, seier Rune Osa i Florø Turn og Idrettsforening friidrettsgruppa.

Therese Reksten - jenter 16 år vart kåra til beste jente gjennom dei tre rundene. Onsdag gjorde ho lengderesultatet 5,32 meter som gav 992 poeng på Tyrvingtabellen. Stortalentet Øyvind Kjerpeset (12) hoppa 4,32 meter i lengdegropa og vart beste gut.