Fair play på timeplanen

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

– Fair play handlar ikkje om å vinne. Det handlar om å spele mot kvarandre og vere gode vener likevel.

DEL

Slik forklarer venninnene Lone Leversund (11) og Solveig Knapstad (11) Fair play – rettferdig spel. Dei var begge med då alle 154 elevane frå Eikefjord skule, store som små, var samla til Fair play-cup på kunstgraset på Eikefjord stadion fredag føremiddag.

– Det er veldig viktig at alle har respekt for kvarandre. Men det aller viktigaste med fair play er at alle skal få vere med.

Det seier inspektør og ein av initiativtakarane til Fair play-cupen, Mona Ødegård Standal. Men Fair play-cupen på kunstgrasbana fredag handlar ikkje berre om fotball.

– Sjølv om dette er sett i fotballsamanheng i dag, er det i prinsippet dei same reglane vi praktiserer etter under cupen som gjeld i livet elles, seier Ødegård Standal og presiserer:

– Fair play-reglane er også reglar for sosialt samspel, så om ein kan litt Fair play-reglar så klarer ein seg betre i livet også, seier inspektøren.

Artikkeltags